annonse

Ønskjer å behalda dagens koalisjon

SAME KOALISJON
SAME KOALISJON: Jakob Bjelland i Stord Senterparti (biletet) og Torbjørn Brosvik i Stord Krf fortel at dei søkjer mot noverande koalisjon. Her frå valdagen i Stord rådhus. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Etter interne møter i Senterpartiet og KrF vart det klart torsdag kveld at dei ikkje går for eit politisk samarbeid med Høgre og Frp for dei neste fire åra.

Henrik Mundal Andreassen

Dei ønskjer å behalda samarbeidet med noverande koalisjon.

– Me kunne heilt sikkert komme til semje med Høgre og Frp. Men når me i kveld landa på at me ønskjer å gå i eksklusive forhandlingar med dagens koalisjon, så botnar det til slutt i ei vurdering frå vår side om kva våre veljarar har venta å få tilbake for ei røyst på Senterpartiet. Me har stått stødig i ein koalisjon dei siste fire åra, og valresultatet gjev denne koalisjonen tillit til vidare arbeid, seier Jakob Bjelland i Stord Senterparti.

Gjev skryt til Høgre og Frp

– Eg ønskjer også å gje ein stor skryt til Sigbjørn Framnes og Øyvind Kyvik for ein grundig og god jobb. For dei gav oss jo ei ramme og eit tilbod som var veldig attraktivt, seier Bjelland.

– Kva tenkjer du om å ha Gaute som ordførar i fire nye år?

– Eg tenkjer det er eit naturleg premiss at Gaute vert sitjande som ordførar også i dei neste fire åra. Eg føler me har hatt eit godt samarbeid medan Gaute har vore ordførar, og me gler oss til å sitja oss ned med koalisjonen i morgon, for å leggja ein framdriftsplan i høve forhandlingane vidare, seier Jakob Bjelland.

Les også: Høgre-sida er skuffa

– Gaute har gjort ein god jobb

Stord KrF ønskjer også å behalda noverande koalisjon, og ser no fram mot vidare møteverksemd med Arbeidarpartiet og noverande koalisjon, for eit nytt fireårige samarbeid.

– Når det kjem til stykket så har både Senterpartiet og KrF sine grupper sett kvar for seg at ein mest ønskjer å utforska alternativet med den koalisjonen som har vore, seier Torbjørn Brosvik i Stord KrF.

– Gaute har hatt ei spesiell oppgåve dei siste åra, etter å ha teke over etter Harry, og eg synest han har gjort ein god jobb. Det er klart at han treng tid til å veksa inn i rolla, og det synest eg han har gjort på ein god måte. Eg synest også at me som var i den gjengen rundt i denne perioden, har vore eit godt lag, seier Brosvik.

Nøgd Stord-ordførar

At sentrumspartia har bestemt seg for å behalda dagens koalisjon betyr etter alt sannsyn fire nye år for ordførar Gaute Straume Epland i Stord Arbeidarparti.

Det er ein glad ordførar som tek telefonen då Sunnhordland ringjer.

– Dette var gledelege nyheiter. Eg har sett veldig stor pris på det samarbeidet me har hatt med Senterpartiet og dei andre i koalisjonen dei siste åra, seier Gaute Straume Epland.

– Me ser no fram mot å møtast, for å bli einige om ein felles plattform for dei neste fire åra, seier Straume Epland.

– Kan Jakob Bjelland venta seg å halda fram som varaordførar dei neste fire åra?

– Eg vil først berre få seia at eg set stor pris på det samarbeidet me har hatt. Det har jo vore to spesielle år etter at eg vart kasta inn i vervet midt i perioden. Det har vore mykje å læra, og Senterpartiet og koalisjonspartia har vore i imøtekommande og behjelpelege. Jakob som varaordførar har vore ein spesielt god støttespelar for meg gjennom denne tida, han har gjort ein kjempejobb, og eg ser på det som heilt naturleg at han blir varaordførar også dei neste fire åra. Uansett så er det jo då forhandlingane framover som vil avgjera kva som skjer framover, seier Stord-ordføraren.

Få med deg alt om valet på Stord og Fitjar her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut