annonse

Opplever mindre psykiske plager

Bi­dreg
Bi­dreg: Både Ma­ri­us Quam, Alexandra Ut­slot­tøy og He­le­ne Røst­bø Treeck er elev­men­to­rar som job­bar for at sku­le­mil­j­øet skal vera bra på Stord vi­da­re­gå­an­de sku­le. Til­ta­ket er ein del av pro­sjek­tet «Drømmeskolen». (Foto: MA­RI­US KNUT­SEN)
Elev­ins­pek­tør
Elev­ins­pek­tør: Ce­ci­lie Ber­ger har stor tru på at pro­sjek­tet bi­dreg til at sku­le­kvar­da­gen blir bet­re for elevane. (Foto: MA­RI­US KNUT­SEN)
Første klas­se
Første klas­se: Magn­hild Hal­land, Oda Rolfsnes og Do­vi­le Martinkute opp­lev­de at dei blei godt tek­ne imot då dei byr­ja på sku­len. (Foto: MA­RI­US KNUT­SEN)
Rek­tor
Rek­tor: Ast­rid Haug­land er glad for at Stord vi­da­re­gå­an­de sku­le hang seg med på pro­sjek­tet. (Foto: HEN­RIK MUN­DAL AN­DRE­AS­SEN)

Ein fersk rapport vi­ser at «Drømmeskolen», som Stord vi­da­re­gå­an­de sku­le er ein del av, fø­rer til mind­re angst og dep­re­sjon blant ele­va­ne.

Anita Haugland

– Då me byr­ja på sku­len var det to men­to­rar som job­ba for at hei­le klas­sen skul­le bli kjende. Me job­ba også med kor­leis me kan få bet­re sjølv­til­lit, og kor­leis me skal opp­fø­ra oss mot kvar­an­dre, for­tel Do­vi­le Martinkute (16).

– Det hand­la til dø­mes om at me skul­le seia hei til alle i klas­sen, og å smi­la til kvar­an­dre, legg ho til.

16-år­in­gen går i første klas­se på Stord vi­da­re­gå­an­de sku­le.

Les også: Stord vgs. skipar berekraftveker

Elev­ins­pek­tør
Elev­ins­pek­tør: Ce­ci­lie Ber­ger har stor tru på at pro­sjek­tet bi­dreg til at sku­le­kvar­da­gen blir bet­re for elevane. Foto: MA­RI­US KNUT­SEN

Fors­kings­pro­sjekt

Stord vi­da­re­gå­an­de sku­le er ein del av Com­ple­te sitt fors­kings­pro­sjekt, som er ut­vik­la for å bet­ra psy­ko­so­si­a­le læ­rings­mil­jø i vi­da­re­gå­an­de opp­læ­ring. Må­let er å auka gjen­nom­fø­ring og nær­vær i vidaregåan­de sku­le. Fors­kings­pro­sjek­tet går over tre sku­le­år med opp­start haus­ten 2016 og av­slut­ting vå­ren 2019.

Første del­rap­port frå pro­sjek­tet er no klar, og vi­ser at til­ta­ka som er prøvd ut kan gje ein let­ta­re over­gang frå ungdomsskule til vi­da­re­gå­an­de. Forskingsprosjektet blir leia av pro­fes­sor To­rill Larsen ved HEMIL-sen­te­ret på Uni­ver­si­te­tet i Bergen, og ho ut­ta­lar til Bergens Tidende at det er for tid­leg å seia noko om kva ef­fekt sat­sin­ga har på frå­fall i sku­len, sjølv om ein al­le­reie ser ein po­si­tiv ten­dens.

Første klas­se
Første klas­se: Magn­hild Hal­land, Oda Rolfsnes og Do­vi­le Martinkute opp­lev­de at dei blei godt tek­ne imot då dei byr­ja på sku­len. Foto: MA­RI­US KNUT­SEN

Eva­lu­e­rin­ga, der ele­va­ne sva­rar på eit spørjeskjema, vi­ser derimot al­le­reie at ele­va­ne har hø­ga­re triv­sel og fær­re psy­kis­ke pla­ger enn før pro­sjek­tet star­ta i 2016.

– Fær­re mel­der om angst og dep­re­sjon. Det blir også rap­por­tert om mind­re ein­semd og auka livstilfredshet i sku­la­ne med til­tak, sei­er Larsen til BT.

Po­si­tiv er­fa­ring

Rek­tor Ast­rid O. Haug­land ved Stord vi­da­re­gå­an­de sku­le er glad for at sku­len er med i pro­sjek­tet.

– Pro­sjek­tet har bi­dre­ge til å bet­ra sku­le­mil­j­øet vårt. Også elev­ins­pek­tør Ce­ci­lie Ber­ger stiller seg po­si­tiv.

– Opp­leg­get kan min­na litt MOT, og går ut på å ta vare på kvar­an­dre, for å unn­gå einsemd og eks­klu­de­ring. Eg har vel­dig tru på at opp­leg­get gjer at ele­va­ne får ein bet­re sku­le­kvar­dag. Har dei det ik­kje bra, er det vans­ke­leg å læra noko, sei­er Ber­ger.

Rek­tor
Rek­tor: Ast­rid Haug­land er glad for at Stord vi­da­re­gå­an­de sku­le hang seg med på pro­sjek­tet. Foto: HEN­RIK MUN­DAL AN­DRE­AS­SEN

Elev­men­to­rar

Både Ma­ri­us Quam, Alexandra Ut­slot­tøy og He­le­ne Røst­bø Treeck er elev­men­to­rar. Dei går i andre klas­se, og har an­svar for kvar sine klas­sar med før­ste­års­ele­var. Dei har gjort uli­ke til­tak for at ele­va­ne skal ha det bra.

– Me har for ek­sem­pel steikt vaflar i storefri, og delt ut lap­par med komp­li­ment på, for­tel He­le­ne Røst­bø Treeck (17).

Les også: Henrik (16) dykkar ned i musikk på laptop

Ho måt­te sjølv søkja for å bli men­tor.

– Det er gøy å gje ein god start for dei som byr­jar på sku­len, sær­leg for dei som kjem frå andre stader og ik­kje kjen­ner no­kon i klas­sen sin frå før, sei­er 17-år­in­gen.

Ma­ri­us Quam hug­sar sjølv han var litt spent då han skul­le byr­ja på ny sku­le.

– Eg kjem frå Halsn­øy, og pend­lar til sku­len. Hel­dig­vis var me flei­re i same si­tua­sjon då eg byr­ja på sku­len. Eg sy­nest det var bra at me had­de stort fo­kus på å bli kjent med klas­sen al­le­reie frå star­ten av, slik at isen blei broten med det same.

Quam går på id­retts­lin­ja, og mei­ner det var eit bra til­tak at klas­sen reis­te på tur sam­an tid­leg i sku­le­å­ret.

– Ak­ku­rat det­te var ik­kje eit til­tak i tilknyting til Drømmeskole-pro­sjek­tet, men det var ein vel­dig fin måte å bli kjent på.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut