annonse

Optimismen er tilbake

Ser framover
Ser framover: Olje- og gassindustrien på Vestlandet ser framover, etter å ha vore nede i ein bølgjedal. På Kværner på Stord har dei meir enn nok jobb i 2018. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN / ARKIV)

Oljerelaterte føretak har no henta inn att resten av næringslivet.

Magne Kydland

Olje og gassnæringa forventar auka inntening og lønsemd.

Det kjem fram i årets fjerde og siste Vestlandsindeks er ei undersøking blant 700 føretaksleiarar på Vestlandet, utarbeidd av Sparebanken Vest i samarbeid med Respons Analyse, indikerer at todelinga av vestlandsøkonomien no er betrakteleg mindre og at olje- og gassrelatert verksemd igjen har komme opp i fart.

Resultatindeksen som viser føretaka sin økonomiske situasjon siste tre månader fell, medan forventingane til utviklinga neste seks månader stig til høgaste nivå sidan andre kvartal 2014 .

– Føretak knytt til olje- og gassnæringa har sidan oljeprisfallet i 2014 bidrege til å trekkja ned den samla forventingsindeksen. Det siste året har forventingsindeksen til føretak med meir enn 50 prosent av omsetnaden knytt til olje og gass stege frå 52 til 65. Utviklinga har vore spesielt sterk det siste kvartalet, og inneber at olje- og gasseksponerte føretak no har forventingar på nivå med føretak skjerma for petroleumsnæringa, heiter det i ei pressemelding.

– Denne auka forventinga skuldast nok auka oljepris og svekking av krona den siste tida. Me ser òg at den positive utviklinga i lønsemd vert følgt opp av høgare investeringsforventingar. Det vert interessant å følgja i kor stor grad dette materialiserer seg i konkrete investeringar framover. Viss det skjer vil det heilt klart skapa positive ringverknader i fleire bransjar på Vestlandet, seier konserndirektør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest Ragnhild Janbu Fresvik.

Flatar ut

Samla sett for Vestlandet flatar derimot den moderate oppgangen ut. Signala om svakare vekst frå dei føregåande Vestlandindeksane har realisert seg og det er ein utflating i resultatindeksen. Nedgangen er representert i alle underindeksar, med moderat tilbakegang i etterspurnad, sysselsetjing, lønsemd og investeringar. Fram mot andre kvartal 2017 var det ein tydeleg trend i reduksjon av overkapasitet. Dei to siste kvartala har denne utviklinga bremsa opp.

– Rogaland går litt motstraums i tilhøve til dei andre vestlandsfylka og oppgangen her kan mellom anna tilskrivast ny optimisme i olje- og gassrelatert verksemd, som har høgare forventingar til lønsemd enn føretak skjerma for næringa for første gong sidan andre kvartal 2014, seier Ragnhild Janbu Fresvik i Sparebanken Vest.

Føretaka i Rogaland melder om auka etterspurnad, sysselsetjing, lønsemd og investeringar. Det er særleg føretak med ein meir moderat del av omsetnaden knytt til olje- og gassrelatert verksemd som driv den positive utviklinga i fylket. Dette kan tyda på at føretaka som har tilpassa seg og fått fleire bein å stå på no ser resultata av omstillinga.

Rogaland mest optimistiske

– Det er sjølvsagt positivt at føretak viss omsetnad er relatert til olje og gass ser lysare på framtida og at den sterke drivkrafta i økonomien som denne typen føretak representerer kjem tilbake til tidlegare nivå. Men det ser ikkje ut til at resten av føretaka i Vestlandøkonomien trur på det. Det er ei bekymring at det kan synast som om vekstforventingane i vestlandsøkonomien totalt sett byrjar å stabilisera seg. Det tilseier at økonomien kanskje ikkje klarer å veksa tilstrekkeleg framover for å møta nye utfordringar, seier Fresvik.

Rogaland er det einaste fylket med positiv utvikling i forventingsindeksen. Trass i lågare forventingar i dei tre andre fylka, sørgjer den auka optimismen blant føretaka i det sørlegaste av vestlandsfylka til ein oppgang i forventingsindeksen for fjerde kvartal 2017.

– Etter to kvartal med negativ utvikling har optimismen komme tilbake til Rogaland og trekkjer forventingsindeksen opp frå 61,8 førre kvartal til 68,8. Rogaland er dermed òg det fylket med høgast forventingar for dei neste seks månader for første gong sidan andre kvartal 2013. Me ser at delen Rogalandsverksemder som forventar å auka talet årsverk dei neste 6 månadene aukar til 29 prosent frå 18 prosent i førre kvartal. Resultatindeksen for fylket når òg det høgaste nivået sidan andre kvartal 2014, fortel Fresvik.

Føretaksleiarar i Hordaland melder om lågare forventingar for andre kvartal på rad. Dei lågare forventingane viser igjen i alle underindeksane.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut