annonse

Ordensforstyrring og drikking på offentleg stad

BØMLO
BØMLO: Politiet fekk fleire oppdrag på Bømlo natt til søndag. Elles har det vore roleg i distriktet, melder vaktsjefen på Haugesund politistasjon. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON)

Natt til laurdag måtte politiet hanskast med fulle folk på Bømlo.

Ingvild Siglen Berger

Først vart ein mann i 20-åra vist bort frå Bremnes for ordensforstyrring.

Det skjedde klokka 00.39, og mannen valde å følgja pålegget frå politiet.

Ein time seinare vart ein gut i slutten av tenåra teken for drikking på offentleg stad.

Drikkinga skal ha skjedd på Svortland.

– Han vart meldt til politiet og kan då venta seg eit førelegg, seier Kari Rørtveit, vaktsjef hos Haugesund politistasjon.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut