annonse

Ordførar vil flørta med Rogaland

Vil sørover
Vil sørover: Ordførar Odd Harald Hovland på Bømlo likar ikkje det som skjer nord i fylket om dagen. No har han fått sambygdingane med seg på å venda blikket sørover. Her saman med Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll. (Foto: Arkiv)

Etter initiativ frå ordførar Odd Harald Hovland, skal kommunestyret på Bømlo overtyda naboane om å sjå sørover.

Vidar Hope

– Det er mange politikarar som meiner at Sunnhordland vil vera betre tent med å orientera seg sørover. Avstandane blir lange om ansvaret for mykje av regionsadministrasjonen skal liggja i Sogn og Fjordane. Skal me sjå nærare på dette, treng me ei forankring frå kommunestyret, sa ordførar Odd Harald Hovland i kommunestyret måndag, ifølgje Bømlo-nytt.

Les også: Tidlegare Fitjar-ordførar vil ha debatt om regionsreforma

Han fekk med seg kommunestyret på at dei i eit felles formannskapsmøte med naboane i Sunnhordland fredag 24. november skal diskutera om kommunane i Sunnhordland skal sjå mot Rogaland.

– Vert temaet teke opp der, vil me igjen kunna ta det opp i vårt eige formannskap, og så kjem saka opp i kommunestyret igjen. Eg meiner at Bømlo har sterke band sørover, sa Hovland og ramsa opp fleire døme.

Les heile saka i Bømlo-nytt.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut