annonse

Ordføraren jublar

Nøgd
Nøgd: Peder Sjo Slettebø meiner nyhendet om Hydro si investering på Husnes er ein merkedag for heile Kvinnherad, og at dei no kan sjå fram mot ei ny og lysare framtid. Arkiv (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

– Me har i dag fått tidenes julegåve til lokalsamfunnet, seier ein nøgd Kvinnherad-ordførar, Peder Sjo Slettebø.

Magne Kydland

– Endeleg kom nyhenda eit heilt lokalsamfunn har venta så lenge på. Hydro kunngjorde i dag at styret i selskapet har vedteke oppstart av B-hallen ved Hydro Husnes. Avgjerda markerer starten på ei ny og lysare tid for kvinnheradsamfunnet, skriv ein svært nøgd ordførar Peder Sjo Slettebø i ei pressemelding sendt ut frå Kvinnherad kommune torsdag morgon.

Oppstart av B-hallen utløyser eit stort tal nye arbeidsplassar ved Hydro Husnes, og det vil gje store ringverknader for lokale verksemder. Leverandørverksemder særleg, men også detaljhandel og servicenæring vil merka positive utslag av den forsterka aktiviteten ved Hydro, påpeikar han.

Sidan B-hallen vart stengd i 2009 har det vore krevjande tider i Kvinnherad. Særleg krevjande var det for alle tilsette ved aluminiumsverket, som lenge måtte leva i uvisse om eiga framtid. Men reduksjonane ved dåverande Sør-Norge Aluminium prega heile lokalsamfunnet.

– Framtidsutsiktene for norsk aluminiumsindustri var annleis då enn no. I dag er situasjonen at Hydro satsar på 100 nye år i Noreg, og norsk aluminiumsindustri er svært konkurransedyktig. Det er etter kvart blitt tverrpolitisk semje om viktige rammevilkår for kraftforedlande industri. Dette er heilt avgjerande. I dag er det mange som fortener stor takk. Særleg vil eg takka leiing og tilsette ved Hydro Husnes som i samarbeid klarte å sikra drifta ved verket på Husnes. Denne jobben var svært tøff, og dei gjorde den ikkje berre for eigen arbeidsplass, dei gjorde den for heile Kvinnheradsamfunnet. Dette skuldar me dei stor takk for, skriv Sjo Slettebø i pressemeldinga.

Han vil først og fremst gratulera Husnes-samfunnet, men viser til at dette vil merkast i heile kommunen.

– Kvinnherad kommune satsar for å gjera Husnes klar for vidare vekst. Eg vil hevda at Husnes no står ovanfor ei ny blomstringstid, og det gler eg meg over av heile mitt hjarta. Kvinnherad og Husnes fortente denne gladmeldinga no. Lokalt næringsliv fortente det. Og dei tilsette ved Hydro Husnes fortente det så inderleg. Eg er svært glad på alle sine vegner. Me har klart oss gjennom tøffe tider. I dag kan me sjå oss tilbake og slå fast at me klarte oss gjennom det. Nok ein gong gratulera med dagen. No går det berre ein veg, og det er oppover, skriv Peder Sjo Slettebø.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut