annonse

Ordføraren slår tilbake mot påstandar

Reagerer
Reagerer: Stord-ordførar Gaute Straume Epland meiner ein del av påstandane som kom fram på folkemøtet i Sagvåg i helga er så urimelege at dei er vanskelege å ta seriøst. Han inviterer dei som ynskjer meir informasjon om å ta kontakt. Her med rådmann Magnus Mjør (til venstre). (Foto: Marius Knutsen / arkiv)

Gaute Straume Epland er skuffa over usaklege påstandar om biogassanlegget, og politikarar som ikkje står på det dei har sagt.

Magne Kydland

Stord-ordførar Gaute Straume Epland reagerer kraftig på ein del av skuldingane som kom fram Sunnhordland i samband med folkemøtet i Sagvåg om biogassanlegg laurdag.

Han har difor sendt følgjande-post til Sunnhordland måndag:

«Eg viser til oppslaget i dagens Sunnhordland om folkemøtet om biogassanlegg i Sagvåg på laurdag. Eg ynskjer å komma med følgjande kommentar:

Påstandane som vart sett fram i møtet om kameraderi og uryddige prosessar er, slik dei vert refererte i Sunnhordland, så urimelege at eg synest det er vanskeleg å ta dei seriøst. Prosessen har vore open og ryddig, og både den og den framforhandla avtalen er gjort greie for i saka som vart behandla av formannskapet sist onsdag. Men om Miljøvernforbundet eller andre ynskjer ytterlegare orientering om saka, er dei velkomne til å ta kontakt, så skal dei få det.

Avisoppslaget viser likevel at dette har vorte ei stor og krevjande sak. Nettopp difor har det vore viktig for meg som ordførar å søkja ei avgjerd med størst mogeleg fleirtal. Etter at SNG tok kontakt og sa dei ville gå vekk frå Seglneset, kalla eg alle gruppeleiarane inn til eit møte. Her uttrykte alle ønske om å sikra at biogassanlegget vert bygd på Stord, og stilte seg bak at kommunen gjekk i forhandlingar med SNG med sikte på å leggja til rette for etablering i Grunnavågen.

No når det er forhandla fram ein avtale, viser det seg likevel at fleire parti er i ferd med å hoppa av – ikkje fordi avtalen er for dårleg, men fordi motstanden er for stor. FrP stemte imot i Formannskapet. Høgre seier dei kan komma til å stemma imot i kommunestyret, og har ein ny lokallagsleiar som arrangerer protestmøte mot eit anlegg han sjølv og partiet hans har ivra for at kommunen skal leggja til rette for.

Les også: Leiaren i næringsrådet ragerer på at Høgre-leiar ber om tid

Eg vil visa til at etablering av biogassanlegg har vore ein del av planane til Stord kommune sidan 2008. I eit forprosjekt frå 2011 vart Grunnavågen peikt på som ein eigna lokalitet for eit slikt anlegg, då dette er eit område tiltenkt industri som ligg nær det eksisterande gassleidningsnettet og framtidig nytt kloakkreinseanlegg.

No er me komne dit at me kan realisera desse målsettingane og leggja til rette for ei ny næring og nye arbeidsplassar. Men slik denne saka har utvikla seg, meiner eg det vil vera uheldig om den vert vedtatt med eit knapt fleirtal. Eg kjem difor til å kalla inn gruppeleiarane på ny for å drøfta om me verkeleg vil leggja til rette for biogassanlegg i kommunen eller ikkje».

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut