annonse

Os-protesten er avvist

Alt å vinna
Alt å vinna: Her scorar Jakob Iversen i oppgjeret mot Brann 2 laurdag. Stord har alt å vinna i helgas kamp mot Haugesund 2, etter at NFF i dag avviste Os sin protest. (Foto: JARLE KALDRÅSTØYL)

NFF avviste i dag protesten frå Os. Dermed har Stord alt å spela for mot Haugesund 2 i morgon.

Kjetil Østrem Vidar Hope

Os leverte inn protest etter 2-2-kampen mot Aalesund 2, etter at oransjetrøyene brukte ein spelar som ikkje var speleklar i 3. divisjon, etter å ha vore på banen i Eliteserien runden før. Os sin motivasjon for protesten var å oppnå tre poeng, og dermed berga plassen, på konstnad av Stord, før siste serierunde.

Men protesten vart levert inn for seint, etter 24-timarsfristen, og dermed avvist i forbundskontora på Ullevaal Stadion.

Medan Stord møter Haugesund 2 i siste runde, skal Os ut mot topplaget Brattvåg. I tillegg til at Stord ligg fem mål bak gultrøyene før siste kamp, må Stord vinna og Os tapa om det skal bli fornya kontrakt. 

Sportsleg leiar Holger Iversen i Stord er naturleg nok ein letta mann i formiddag.

– Då me høyrde at Os hadde levert protesten for seint, i høve til 24-timarsregelen, så både håpa og trudde me at protesten ikkje skulle vinna fram. Og det gjorde han heldigvis ikkje, seier Iversen til Sunnhordland.

Trenar Jon Pall Palmason er forbanna på forbundet som brukte så langt tid på å behandla ein klage han meiner det burde teke fem minutt å avgjera.

– Det var surt då me fekk melding om protesten måndag, men då me høyrde at klagen var sendt inn for seint tenkte me at det ikkje kan gå gjennom. Regelverket her er soleklart, seier han.

Palmason stiller med ein skadefri tropp i Haugesund.

– Me kan ikkje styra det som skjer i Os-kampen, men me kan sjølv avgjera utfallet i Haugesund. No har me ein liten sjanse, seier Palmason.

I Os-leiren er stemninga ei heilt anna i formiddag.

– Me hadde håpa og trudda at me ville nå fram. Eg synest det er leit at ein såpass stor forseing ikkje blir slått ned på fordi me er litt for sein med å varsla at me vil klaga. Klagen vår var jo langt innanfor den tilmålte tida, seier Endre Brenne i Os Fotball til Os & Fusaposten.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut