annonse

På seminar i New York og Boston

Heile gjengen samla
Heile gjengen samla: Emily Relkin (frå venstre), stipendiat ved Tufts Universtiy, Dev Tech Research Group, Katrine Borgenvik, HVL, Kirsti Aksnes, stipendiat i DigiSus, HVL, Vigdis Vangsnes, HVL, Ingrid Grønsdal, HVL-prosjektleiar DigiSus, Professor Alex Ruthmann, New York University, internasjonal prosjektpartnar i DigiSus, Ingrid Dalland Raa, Vågsmarka barnehage, Tysnes, Liv Ingrid Fjellanger, HVL, Martin Stensaker Rio, Onarheim bhg, Tysnes, Mariann Lie Helland, Sæ bhg, Stord, Maren Tislevoll Odland, Sagvåg Maritime FUS bhg, Stord, Professor Marina Umaschi Bers, Director of Dev Tech Research Group, Amanda Strawhacker, stipendiat ved Tufts Universtiy, Dev Tech Research Group og Madhu Govind, stipendiat ved Tufts Universtiy, Dev Tech Research Group. (Foto: Privat)

Magne Kydland

Fem forskarar frå HVL, campus Stord, og fire partnarar frå barnehagar på Stord og Tysnes reiste nyleg saman til New York og Boston på prosjektseminar for å besøkja fagmiljøa til partnaren på New York University, professor Alex Ruthmann.

Bakgrunnen er Noregs forskingsråd sitt DigiSus-prosjekt, der HVL er ein sentral aktør, og leiar prosjektet.

– Det var ein hektisk, men interessant tur, ifølgje ein e-post frå HVL.

På turen var det alt frå besøk på museum som tilbyr kunstaktivitetar for barn i barnehagealder på dagtid, via diverse ekskursjonar og presentasjonar, til nettverksbygging og ikkje minst erfaringsutveksling.

– Eine dagen jobba me intenst med å vidareutvikla designa i dei estetisk og digitale sanseromma og vart introdusert for ei ny type teknologi som kan koplast saman med Makey Makey. Ettermiddagen vart nytta til å presentera prosjektet for studentar og tilsette ved musikklærarutdanninga ved Steinhardt School of Culture, Education, and Human Development og om kvelden la stipendiat Kirsti Aksnes prosjektet fram for dramastudentar og underviste i lag med David Montgomery, kollega med Alex Ruthmann, heiter det i e-posten frå Oded Ben-Horin, som er instituttleiar ved fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI).

Dei som deltok på turen var Vigdis Vangsnes, Liv Ingrid Fjellanger, Katrine Borgenvik, Kirsti Aksnes, og Ingrid Grønsdal (prosjektleiar) frå HVL, og Maren Odland frå Sagvåg maritime barnehage, Mariann Lie Helland frå Sæ barnehage, Martin Stensaker Rio frå Onarheim barnehage (Tysnes) og Ingrid Dalland Raa frå Vågsmarka barnehage (Tysnes).

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut