annonse

Partiet Stordlisto blir oppløyst

Slutt
Slutt: Thor Gunnar Bjelland opplyser i kveld at Stordlisto blir oppløyst. (Foto: Arkiv)

I kveld gjorde Thor Gunnar Bjelland det klart at Stordlisto ikkje stiller til neste kommuneval.

Vidar Hope

– Etter samråd med styremedlemmene i Stordlisto vil me informera om at eit fleirtal i styret vil at Stordlisto skal bli oppløyst etter inneverande valperiode, skriv formann Thor Gunnar Bjelland i ei melding.

– Det er med tungt hjarta eg registrerer at Stordlisto ikkje lever opp til kva intensjonen som Leif Magne Hole og eg hadde, Stordlisto skal vera eit parti som tenker på innbyggjarane sitt beste, noko eg har sakna å sjå dei siste åra. Med Leif Magne sin bortgang – og at underteikna flytta til Sverige – var på mange måtar starten på slutten av Stordlisto, noko eg vil beklaga på det sterkaste.

Bjelland skriv vidare at han håpar dei tillitsvalte i Stordlisto vil gjera sitt beste ut inneverande periode.

– Og visa dei som stemte på oss respekt og takksemd for støtta dei har gjeve oss. Eg håpar at flest mogeleg av våre tillitvalte held fram i politikken, og vil ønskja dei lukke til og håpar dei har fått eit godt politisk fundament i det historiske me saman greidde å oppnå med Stordlisto.

Stordlisto fekk 4,7 prosent av røystene ved kommunevalet i 2015, noko som gav partiet to mandat i kommunestyret.

Les også: Gruppleiaren reagerer

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut