annonse

Pengebingen veks

Nøgd
Nøgd: Kværner sin konsernsjef, Karl Petter Løken, er nøgd med både drifta og framtidsutsiktene for industrikonsernet. (Foto: Marius Knutsen)

Solid drift og ordreserve for industrigiganten.

Magne Kydland

Kværner la i dag tidleg fram kvartalsresultatet for andre kvartal, som viser svært solid drift.

Driftsinntektene var på 1,9 milliardar kroner, med eit driftsresultat 118 millionar kroner. Dette er noko svakare enn same kvartal i fjor, men i år er ordrereserven langt høgare enn på same tid i fjor.

– Ordrereserven er på 11,2 milliardar kroner ved utgangen av juni. I fjor på same tid var han 9,0 mrd. kroner. Nokre av dei store kontraktane som vart vunne første halvdel av 2018 vil byrja å gje effekt på resultata neste år, heiter det i ei pressemelding.

Kontaktbehaldninga veks stadig, og er no på over 3 milliardar kroner.

Konsernsjef Karl Petter Løken er nøgd med utviklinga.

– Me leverer i tråd med vår planlagde utvikling i år. Resultata frå andre kvartal speglar at me ikkje har starta å ta marginar på nyleg tildelte prosjekt. Tala speglar også at me no er i ein periode med mindre effekt frå bonusar og andre insentiv samanlikna med dei siste kvartala. Framover forventar me framleis å sjå kvartalsvise svingingar i resultat som følgje av fasing av prosjekt, prosjektportefølje og insentiv. Me opprettheld forventingane til 2018, med inntekter på over 7 milliardar kroner, og med lågare driftsmargin enn i fjor, seier Løken i pressemeldinga.

I tillegg til den solide kontantbehaldninga har Kværner ingen renteberande gjeld.

– Vår ordrebok og tala våre illustrerer at me har eit høgt aktivitetsnivå, med fleire prosjekt som blir utført parallelt. Alle noverande prosjekt er på plan, noko som har blitt eit varemerke for Kværner. Framover vil hovudprioriteringane framleis vera sikker og føreseieleg gjennomføring av prosjekt. I tillegg er vår strategi å vidareutvikla Kværner si verksemd og ordrereserven. I marknaden forventar me ei rekkje små og mellomstore prosjekt. Me ser også nokre få større prosjekt i vår tradisjonelle marknad for plattform og understell, og me reknar med å sjå utfallet av desse i løpet av året og neste år, seier Løken.

magne@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut