annonse

Politiet braut opp dør og henta familie på fem

Marit Janne Sundhordvik overnatta hos den afghansek familien då politiet slo til fredag morgon. I bakgrunnen
Overnatta: Frank Håvik. (Foto: MARIUS KNUTSEN)
Brutalt
Brutalt: Her, bak den provisoriske kontorveggen, låg heile familien på fem og sov då politiet slo til. Politiet såg det nødvendig å brukta makt, sjølv mot den relativt lette veggkonstruksjonen. (Foto: MARIUS KNUTSEN)
Knust
Knust: Frank Håvik ved ytterdøra, der politiet først knuste ruta, og deretter braut seg inn, truleg med eit brekkjern. (Foto: MARIUS KNUTSEN)
Hard medfart
Hard medfart: Låsen på ytterdøra fekk hard medfart då politiet tok seg inn. (Foto: MARIUS KNUTSEN)

Like etter klokka 06.00 fredag morgon knuste politiet glas og dører for å henta ein afghansk familie på fem, som sat i kyrkjeasyl i eit menighetshus på Fitjar.

Kjetil Østrem

– Eg skammar meg over landet mitt, seier Marit Janne Sundhordvik med gråten i halsen.

Overnatting

Sundhordvik var tilfeldigvis på overnatting hos småbarnsfamilien natt til fredag, og vakna grytidleg fredag morgon av brutal banking.

– Eg skjøna ikkje heilt kva som skjedde, med det same. Men då eg høyrte glas som knuste visste eg at det måtte vera politiet som var på veg. I neste sekund stod dei inne i hovudrommet, seier Sundhordvik.

Ho veit ikkje kor mange uniformerte polititenestemenn- og kvinner som var i rommet, men ho meiner det var fleire enn fem.

– Åh, ja. Eg tippar dei var mellom 10 og 15, seier ho.

Brutalt
Brutalt: Her, bak den provisoriske kontorveggen, låg heile familien på fem og sov då politiet slo til. Politiet såg det nødvendig å brukta makt, sjølv mot den relativt lette veggkonstruksjonen. Foto: MARIUS KNUTSEN

Borte ved veggen, bak nokre provisoriske kontorveggjer, låg heile den afghanske familien og sov. Mor og far, to gutar på høvesvis tre og fem år, og ein baby på berre seks månader. Også her brukte politiet makt, og skal regelrett ha brote seg inn gjennom dei tynne veggjene.

– Eg høyrte at foreldrene skreik, og var fortvila. Men dei blei raskt frakta ut, og inn i ein ventande bil på utsida. Deretter blei babyen teken ut, og til slutt dei to gutane. Eg bad tynt ei polititenestekvinne om å få seia farvel, og fekk lov til å ta avskjed med dei to gutane, seier Sundhordvik med tårer i augo.

Ho har blitt godt kjendt med den vesle familien, og reknar dei omtrent som sine eigne.

– Dette var ei fæl oppleving, seier ho.

– Kva tykkjer du om metoden til politiet?

– Som sagt, eg skammar meg over landet mitt, gjentek ho.

Då Sunnhordland kikar inn i den vesle soveavdelinga, ser me ei ammepute, ei mugge med vatn, eit par sandalar, ei vifte, ein lekekoffert og ei barneseng, ved sida av ei stor dobbelseng. Alt ligg i eit rot, og her er det tydeleg at det har vore hektisk.

Knust
Knust: Frank Håvik ved ytterdøra, der politiet først knuste ruta, og deretter braut seg inn, truleg med eit brekkjern. Foto: MARIUS KNUTSEN

Avvist

Den afghanske familien på fem har sete i kyrkjeasyl i menighetshuset til Frimenigheten Nytt Liv på Fitjar sidan like før jul, då dei fekk asylsaken sin avvist i Oslo tingrett. Dei sat også i kyrkjeasyl på same stad i fleire månader i fjor vår, etter at politiet først aksjonerte mot dei på Heiane mottak. Dei fekk avslag på asylsøknaden sin både hos UDI og UNE, men i mai blei familien trudd på alle punkt hos Oslo byfogdembete, og fekk innvilga mellombels opphald, fram til saka kom opp i Oslo tingrett. Då nederlaget var eit faktum, blei saka anka umiddelbart av advokat Jostein Løken.

– Hårreisande

Frank Håvik i Frimenigheten Nytt liv er i sjokk over politiet sin framgangsmåte.

– Kva er det dei har det så travelt med? Mullah Krekar har teke beslag i norske skattepengar i årevis, men denne vesle familien her skal me kvitta oss med. Nei, det er heise, dette her, seier ein tydeleg rysta Håvik.

Han er sterkt kritisk til politiet, som han meiner trossar direktivet frå Justisdepartementet om at politiet ikkje skal gå inn i kyrkjeasyl og henta ut folk.

– Det er rett og slett hårreisande, seier han.

– Vanskeleg

Avsnittsleiar På Gjil i operativ utlendingseining i Sør-Vest politidistrikt er ansvarleg for gjennomføringa av aksjonen, og er veldig nøgd med utfallet.

– Familien er teken hand om av dyktige kollegaer, på ein rolig måte, der ingen er komne til skade. Alt gjekk greitt for seg, og eg er svært nøgd med dagens innsats, seier Gjil.

Samstundes understrekar han at dette ikkje er enkle oppdrag for politiet å gjera, spesielt ikkje når det er barn inne i biletet.

– Vindauge blei knuste, og dører brotne opp. Og inne i lokalet blei til og med lette kontorvekkjer brotne opp. Er det naudsynt for politiet å vera så brutale mot ein småbarnsfamilie, der minste barnet er berre seks månader?

Hard medfart
Hard medfart: Låsen på ytterdøra fekk hard medfart då politiet tok seg inn. Foto: MARIUS KNUTSEN

– Eg skjønar at dette kan oppfattast som brutalt, når dører blir brotne opp. Men om politiet vil inn, og vedkomande ikkje vil opna, så er det sånn me går fram. Men når alt kjem til alt så ser eg ikkje på ei broten dør som noko stor sak. Når i tillegg PU sentralt ber oss om bistand, så er dette ein del av vår jobb, seier Gjil.

– Kor mange polititenestemenn blei brukt i aksjonen?

– Det kommenterer eg ikkje. Men me hadde nok folk til å gjennomføra ein forsvarleg aksjon, seier han.

Les også: Registrert som bedehus - politiet kallar det bustadhus

Ikkje ei kyrkje

Leiar for identitetsfastsetjing i Politiets utlendingseining (PU), Håvard Bekk, seier til Sunnhordland at PU held seg til endelege negative vedtak frå UDI og UNE, på spørsmål om kva heimel dei har til å gå inn og henta familien, som framleis har ei sak til behandling i det norske rettsystemet.

– Ein utlending som har fått endeleg avslag på asyl kan stemna staten ved UNE, og dermed få gjort eit negativt vedtak ugyldig. At ein sak er brakt for retten er likevel ingen garanti for at ein uttransport ikkje kan finna stad, seier Bekk.

Bekk presiserer også at politiet som hovudregel ikkje føretar pågripingar i kyrkjebygg eller bedehus tilhøyrande den norske kyrkja, eller andre trusretningar.

– Men i denne aktuelle saka har ikkje personane budd i eit kyrkjebygg. Bygget er eigd av Frimenigheten Nytt Liv, og etter politiet sine opplysningar har det tidlegare vore brukt til forsamlingshus for Nytt Liv.

Kva som skjer med familien no kan ikkje Bekk kommentera.

– Me kan først stadfesta ein uttransport etter at han er gjennomført. På generelt grunnlag kan me likevel seia at me ønskjer å gjennomføra uttransporteringar kort tid etter tidspunktet for pågripinga. I dei tilfella barnefamiliar blir internert ved det mellombelse familiesenteret i Hurdal kommune, ønskjer me at opphalda deira er kortast mogeleg, seier Bekk.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut