annonse

Politiet etterforskar blotte-sak

Undersøkt
Undersøkt: Roald Raunholm fortel at dei har undersøkt ein del rykte etter blotteepisoden på Fitjar. (Foto: ARKIV)

Politiet meiner dei veit kven som blotta seg for ei kvinne i Fitjar sentrum torsdag kveld.

Hilde Vormedal Nybø

Stord-lensmann Roald Raunholm seier at mannen har status som mistenkt.

– Me fekk melding at ein mann blotta seg ei vaksen kvinne i Fitjar sentrum mellom klokka 20.30 og 21.00 på torsdag. I etterkant av dette så dukka det opp rykte om at fleire skulle vore utsett og at ei ung jente skulle vore forsøkt lokka inn i ein bil, og eventuelt andre var utsett. Ein av våre tilsette har sjekka opp i desse rykta og dei er avkrefta. Slik me ser det er det snakk om eitt forhold, seier Raunholm til Sunnhordland.

Han seier at dei meiner å vita kven personen som blotta seg er, og seier at vedkommande er meldt for likande forhold tidlegare.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut