annonse

Politiet søkjer etter mystisk mann sett før lyngbrannen i Sæbøhaugen

MANNSTERKE
MANNSTERKE: Stord brann og redning rykte ut med 14 personar og totalt seks bilar til Sæbøhaugen natt til tysdag. (Foto: KIRSTEN GRANLI)
LYNGBRANN
LYNGBRANN: Skogholtet i Sæbøhaugen var i full fyr natt til søndag. Eit område på 30x30 meter skal ha blitt svidd av, ifølgje brannvesenet. (Foto: KIRSTEN GRANLI)

  • Henrik Mundal Andreassen

Etter lyngbrannen i Sæbøhaugen natt til tysdag, er politiet ute etter tips om ein mann som skal ha vore sett i byggjefeltet Sæbøhaugen ved Kåreviksmarka.

Han skal ha luska og kika seg rundt kring husene midt på natta, ifølgje vitne, og vart sett rett før brannen vart oppdaga i tre-tida.

– Han er om lag 1.80 høg, hadde mørkt hår, blå skjorte og joggesko på seg, seier vaktsjef Gunnar Sande i Sør-Vest Politidistrikt.

– Det er litt for tilfeldig at det går ein mannsperson forbi midt på natta, og så ti minutt seinare brenn det. Me har oppretta sak, og tek difor i mot tips i saka, seier Sande.

– Kva som er grunnen til brannen veit me ikkje enno, han kan ha kasta frå seg ein sigarett for alt me veit, held Sande fram.

Politiet tek i mot tips på telefon 02800.

Det er framleis totalforbod mot eld i friluft, og Stord brann og redning rykte ut med 14 personar og seks bilar i natt.

– Vinden var heldigvis løya, så me fekk sløkt brannen forholdsvis kjapt, seier innsatsleiar brann Jan Tore Brückner til Sunnhordland, som fortel at dei hadde brannvakter på staden til klokka seks om morgonen.


Les også: Lyngbrann like ved bustadhus

 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut