annonse

Politiet tok førarkortet til ein mann i 20-åra

STOPPA BIL:
STOPPA BIL: Politiet stoppa ein bil. Sjåføren er mistenkt for å ha køyrt i påverka tilstand. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

Blei stoppa på Heiane tidleg laurdag morgon.

  • Marius Knutsen

Då klokka var 06.15 laurdag morgon fekk politiet ei melding om ei mogeleg promillekøyring.

– Bilen blei sjekka av ein patrulje på Heiane, skriv Sørvest politidistrikt på Twitter.

Sjåføren av bilen, ein mann i 20-åra, verka rusa. Politiet har oppretta ei sak og tok førarkortet til mannan på staden.

Mannen blei sendt vidare til legevakta for blodprøvetaking.
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut