annonse

Politikar vil stoppa hets av rådmannen

HETSA
HETSA: Rådmann Magnus Mjør er ikkje like populær etter å ha lagt fram forslaget til kommunebudsjett for neste år. Men han meiner det høyrer med til jobben. (Foto: OLAV RØLI)
ANSVAR
ANSVAR: Geir Angeltveit (V) meiner det er politikarane som skal ha ansvaret for budsjettet, og at rådmannen skal sleppa all hetsen. (Foto: OLAV RØLI)
EIGEDOMSSKATT
EIGEDOMSSKATT: Jakob Bjelland (Sp) meiner det bør vera rom for å bruka eigedomsskatt til å betala renter på lånet på Stord ungdomsskule. Kostnaden er åtte millionar kroner per år. (Foto: OLAV RØLI)

Geir Angeltveit (V) er skremt over kva folk skriv om rådmannen Magnus Mjør sitt forslag til budsjett.

Olav Røli

Det var i onsdagens formannskapsmøte, der neste års forslag til kommunebudsjett for Stord vart diskutert, at Angeltveit kom med følgjande formaning.

– Eg vil understreka at det er me politikarar som er ansvarlege for budsjettet som vert vedteke. Ikkje rådmannen. Og kritikk er greitt, og noko me må tola. Men når eg har sett kommentarane i sosiale media meiner eg at det har gått over til hets, sa Angeltveit.

Feig

På spørsmål om han kunne nemna konkrete døme, svarar Angeltveit at kommentarfelta til Sunnhordland og Stord 24 er mellom dei stadene. Ein gjennomgang av nokre av kommentarane viser mellom anna at rådmannen sjølv er føreslege kutta for å spara millionbeløp. Dessutan får han ei klar oppmoding om å vera med gjengen i Ijobb på jobb.

– Men det er han vel for feig til, heiter det i kommentaren.

Facebook

Rådmannen sjølv meiner det høyrer med til jobben å ta i mot kritikk.

– Eg var førebudd på dette då eg la fram lista med kutt, og visste at ein del av tiltaka ville skapa støy, seier rådmannen til Sunnhordland.

– Får du hets personleg?

– Nei, eg opplever lite av det. Og eg er sjølv på Facebook. Men det har sjølvsagt vore meldingar som eg definerer som mindre hyggelege. Uansett er det svært lite av det, seier Mjør.

ANSVAR
ANSVAR: Geir Angeltveit (V) meiner det er politikarane som skal ha ansvaret for budsjettet, og at rådmannen skal sleppa all hetsen. Foto: OLAV RØLI

Barnehagesak

Under formannskapsmøtet onsdag var det diskusjon om neste års budsjett, og forslaga til rådmannen. Men eit samrøystes formannskap var einige om å vedta budsjettet slik det låg føre, og deretter gjennomføra dei opne høyringane for å få fram konsekvensane. Alle partia var i utgangspunktet ikkje samde i budsjettet, og den store diskusjonen kjem på kommunestyremøtet seinare i november.

Jakob Bjelland (Sp), som representerer koalisjonen i Stord kommune, sa i ein kommentar om budsjettet at det mellom anna var naudsynt med grep i barnehagesektoren. Og at det må bli fortgang i utbygginga av ein ny stor kommunal barnehage i bydel Sagvåg. Det har tidlegare vore føreslege å byggja ein ny stor barnehage på Tjødnalio. Der skulle ein integrera dei kommunale barnehagane i Sagvåg/Litlabø, Tjødnalio og Trodlahaugen.

– Fleire av dei kommunale barnehagane har gamle bygningar og skal me ha eit kommunalt tilbod som folk vil bruka, må me ha nye og gode bygningar, sa Mjør.

Han understreka at det, av økonomiske årsaker, var viktig for ein kommune å halda på nokre kommunale barnehagar. Kjem ein over til å berre ha private, vil reknestykket verta annleis for overføringane. Dette følgjer av statlege ordningar, ifølgje Mjør.

Eigedomsskatt

Bruken av eigedomsskatt vart også diskutert. Ved innføring av skatten var det semje om å unngå å bruka eigedomsskatten til drift. Men i onsdagens formannskapsmøte var tonen ein annan. Jakob Bjelland (Sp) opna for å betala renter på lånet til Stord ungdomsskule med eigedomsskatt. Renteutgiftene er på 8 millionar per år.

– Dette er også noko me kan diskutera, sa Geir Angeltveit (V).

Sigbjørn Framnes (Frp) meinte ein gong etter gong sender rekninga for kommunal drift over til innbyggjarane, i staden for å sjå på effektive tiltak.

– Eg meiner me må kjøpa tenestene der me får mest igjen for pengane, sa Framnes.

olav@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut