annonse

Politikarane trassa åtvaringa frå vegvesenet

For
For: Nils Magne Blålid (SV) meiner den viktigaste oppgåva er å endra innbyggjarane sine haldningar, og argumenterte i kommunestyret varmt for miljøplanen. (Foto: MARIUS KNUTSEN)
Hard skyts
Hard skyts: Statens vegvesen meiner opning av Osen vil setja barneliv i fare. (Foto: HILDE VORMEDAL NYBØ)
Åleine
Åleine: Geir Angeltveit (V) var åleine om å gå imot forslaget om å opna Osen for trafikk. (Foto: MARIUS KNUTSEN)
Regerte
Regerte: Sverre Olav Svarstad (H) reagerte sterkt på ordbruken frå Statens vegvesen. (Foto: MARIUS KNUTSEN)

Kommunestyret går vidare med miljøgateplanen, og vil framleis opna Osen for trafikk.

  • Hilde Vormedal Nybø Og Anders Totland

Kort tid før miljøgateplanen skulle opp i kommunestyret torsdag, tok saka ei drastisk vending. Onsdag - ein dag før møtet - skreiv Lars Tore Martinsen i Statens vegvesen eit brev til kommunen der han argumenterte relativt krast mot forvaltningsstyret si innstilling.

LES OGSÅ: – Livsfarleg 

«At Stord kommune ønskjer å utsetta mjuke trafikantar, og særleg barn (som vil vera ein stor del av brukargruppa) for potensiell livsfare for å komma lokale næringsinteresser i møte, er ei haldning me sjeldan møter i planarbeid, og som me håpar Stord kommune som planmynde ikkje står inne for. Me vil nok ein gong gjenta at me på det sterkaste rår til ei stenging av Osen for å redusera risiko for alvorlege ulukker.»

Sjølv om ein vel løysingar som betrar sikttilhøva, meiner Statens vegvesen at det her blir eit kryss som vil føra til mange konfliktpunkt, og har varsla at dei vil klaga på vedtaket, dersom Osen blir opna.

Hard skyts
Hard skyts: Statens vegvesen meiner opning av Osen vil setja barneliv i fare. Foto: HILDE VORMEDAL NYBØ

Kraftige reaksjonar

Då saka var oppe i kommunestyret torsdag, reagerte fleire av politikarane sterkt på brevet frå vegvesenet.

– Det er djupt problematisk at ein offentleg etat blandar seg i ein politisk prosess på denne måten. Her kjem dei med ein språkbruk som er under ein kvar kritikk. Det er djupt uprofesjonelt, og dette verkar som nok eit teikn på at dersom ikkje kommunestyret gjer som Statens vegvesen vil, klager dei og tar saka vidare til dei uansett får viljen sin. Dette bør følgjast opp mot høgare hald av ordføraren, sa Jakob Bjelland (Sp).

Åleine
Åleine: Geir Angeltveit (V) var åleine om å gå imot forslaget om å opna Osen for trafikk. Foto: MARIUS KNUTSEN

– Nærmar seg trugsmål

– Dette føler eg rett og slett nærmar seg eit trugsmål, sa Sverre Olav Svarstad (H).

Nils Tore Økland (Ap) reagerte også på utspelet frå vegvesenet, og sa at det ikkje er vanleg for ein offentleg etat å engasjera seg så kjenslemessig i argumentasjonen overfor eit politisk organ.

– Men det bør vera mogeleg å finna ei løysing her, sa Økland.

Regerte
Regerte: Sverre Olav Svarstad (H) reagerte sterkt på ordbruken frå Statens vegvesen. Foto: MARIUS KNUTSEN

– Det mest springande punktet er faktisk at me klarer å endra haldningane som innbyggjarane har til å bruka beina, sykkelen og kollektivtrafikken, sa Nils Magne Blålid (SV).

BAKGRUNN: Vedtok å halda Osen open

Ved røysting fremja Høgre forslaget sitt frå forvaltningsstyret, men fekk ikkje fleirtal. I den punktvise røystinga over innstillinga blei alt samrøystes vedteke, bortsett frå punktet om å opna Osen, der Geir Angeltveit frå Venstre gjekk imot det store fleirtalet.

hildevn@sunnhordland.no

anders@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut