annonse

Trafikkuhell ved Stord kyrkje

Trafikkuhell
Trafikkuhell: Ei kvinne i 30-åra kjørte ned eit skilt i midtrabatten i krysset mellom Ådlandsvegen og Hystadvegen. (Foto: Ingvild Eide)
Skilt i bakken
Skilt i bakken: Det var ingen personskadar, men skiltet har hamna i bakken. (Foto: Ingvild Eide)

  • Ingvild Eide

Klokka 18.22 sundag kveld, var det eit trafikkuhell i Ådlandsvegen, melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Ei kvinne i 30-åra har kjørt ned eit skilt i midtrabatten, i krysset ved Stord kyrkje. Det vart skadar i hjulstillinga på bilen, som ikkje lengre er kjørbar. Kvinna er uskadd.

Politiet var på staden og varsla bergingsbil som kom og henta bilen. 

- Det var ingen personskadar, og politiet har vurdert det slik at det ikkje blir oppretta noko sak, fortel Rune Plassen, vaktsjef i Sør-Vest politidistrikt.

 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut