annonse

Promillekøyring med båt og truslar mot politi

OPPDRAG
OPPDRAG: Det vart omkring 25 oppdrag av ulik alvorlegheitsgrad for politiet på Tysnes natt til laurdag. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON)

Politiet på Tysnes var ute på omkring 25 oppdrag av ulik karakter natt til laurdag.

Ingvild Siglen Berger

Det opplyser innsatsleiar Atle Birkeland. Ein del av oppdraga var relatert til fyll.

– Éin person forsøkte å skalla til ein politipatrulje, fortel Birkeland.

Det var like etter klokka 20 fredag at Vest politidistrikt melde på Twitter om ein 21 år gammal mann som vart arrestert i Uggdal etter å ha vore utagerande og vanskeleg.

Han vert mellom anna meldt for truslar mot offentleg tenestemann.

Les også: Éin i arresten og to tekne med narkotika

Vidare vart to personar tekne med båtpromille.

– Dei vart tekne med for blodprøve, og det er oppretta sak, seier innsatsleiaren.

Politiet måtte også hanskast med to-tre narkotikasaker, som gjaldt kokain og hasj.

Med mange tusen besøkjande på øya i samband med Tysnesfest denne helga, har det likevel vore ei forholdsvis roleg natt for politiet.

– Det er heilt klart veldig alvorleg med promillekøyring i båt og truslar mot ein politipatrulje. Men utover det har det gått fint føre seg. Me har ikkje hatt nokon redningsaksjonar eller alvorlege valdshendingar. Éin person tok seg til skadestova etter å ha vorte slegen i ansiktet, fortel Birkeland.

Les også: 21-åring forsøkte å skalla til politiet

Elles har det vore ei roleg natt i Sør-Vest politidistrikt. Ein mann i slutten av 20-åra vart teken for urinering på offentleg stad i Leirvik sentrum klokka 01.55.

– Han vart vist bort frå staden, seier vaktsjef Nina Fagerland hos Haugesund politistasjon.

Utanom dette har det altså vore få oppdrag for politiet på Stord, Fitjar og Bømlo natt til laurdag.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut