annonse

Pumpa vatn ut av kjellar

Rykte ut
Rykte ut: Leif Rune Vad og kollegaene i Stord brann og redning pumpa vatn ut av ein kjellar torsdag morgon. (Foto: Arkiv)

Brannvesenet på Stord rykte ut i regnvêret torsdag.

Vidar Hope

I løpet av natta har det komme enorme mengder nedbør i Sunnhordland. Det har ein innbyggjar på Litlabø fått merka. Tidleg torsdag rykte brannvesenet ut for å assistera ein huseigar på Litlabø som fekk vatn inn i kjellaren.

– Det skjedde i eit område der det har vore utfordringar med vatn tidlegare, me har vore der før, seier Leif Rune Vad i Stord brann og redning.

– Det gjekk fint denne gongen, dei har vore heldige og me fekk ut vatnet. Men det er klart at det ikkje er noko stas når slikt skjer, seier Vad til Sunnhordland.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut