annonse

Redda mann i 70-åra frå ein holme

Redningsaksjon
REdningsaksjon: Ein mann i 70-åra hamna i sjøen, men kom seg i land på holmen Fugløya. Mannen blei redda onsdag føremiddag. (Foto: Google Maps)

Fann tom båt som stanga mot land med motoren i gang.

Vidar Hope

Klokka 10.20 onsdag føremiddag blei det sett i gang redningsaksjon med søk etter ein sakna person. Det blei gjort etter at ein tom båt var funnen i området mellom Stolmen og Fugløya i Austevoll.

Ifølgje operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt seier det var ein mann i 70-åra frå Austevoll som var sakna.

– Klokka 10.51 blei mannen funnen på Fugløya. Han skal ha reist ut på sjøen i går og hamna i sjøen av ukjend årsak, seier Algrøy til Sunnhordland.

Ifølgje politiet har mannen sumd i ein periode før han kom seg i land på Fugløya, som ligg på vestsida av Stolmen.

– Han har vore på holmen i natt. Han var oppegåande, men nedkjølt då redningsmannskap kom fram, seier Algrøy.

Austevollingen i 70-åra er teken hand om av helsepersonell.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut