annonse

Redusert fart i tunnelen

Open
Open: Farten i Bømlafjordtunnelen er redusert etter bilbrannen i går. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Bømlafjordtunnelen er open for fri ferdsel, men med 60 km/t i heile tunnelen.

Hilde Vormedal Nybø

Det var klokka 18.21 onsdag kveld at naudetatane fekk melding om ein varebil som stod i brann i Bømlafjordtunnelen, omkring ein kilometer frå utgangen mot Føyno.

Klokka 21.53 blei tunnelen opna for trafikk igjen, men då med kolonnekøyring med 50 bilar per kolonne.

Rundt midnatt melde Statens vegvesen på Twitter at tunnelen var opna for trafikk igjen, men med nedsett fart i heile tunnelen.

Sjåføren av varebilen kom uskadd frå hendinga.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut