annonse

Reiarlag får pris for bruk av nynorsk

Nynorskpris
Nynorskpris: Juryen i Noregs Mållag, der Øystein Skjæveland frå Stord/Kvinnherad er med, meiner Fjord1 utmerkjer seg i ein bransje der bokmål er det dominerande målet. (Foto: ARKIV)

Noregs Mållag deler ut heider og ære til reiarlaget Fjord1.

Magne Kydland

Norges største ferjekonsern Fjord1 er tildelt Nynorsk næringslivspris frå Noregs Mållag.

– Fjord1 har gjennom mange år vore ein medviten nynorskbrukar. Dette kan ein som reisande merke sjølv i små detaljar som billettar, nettsider og meldingar frå selskapet. I ein bransje der bokmålet dominerer, veit me at det perfekte ikkje alltid er oppnåeleg, men Fjord1 viser det me vil kalle vilje til språk, sa Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, då prisen vart delt på ei tilskiping i Oslo.

Med seg i juryen har han Arne Hjeltnes som også var med på prisutdelinga.

– Det er utruleg viktig å lese nynorsk på veg til jobb og skule. Samstundes er Fjord1 i ei eiga klasse. Føretaket er no blitt børsnotert, og det syner at nynorsk ikkje berre høyrer heime i lokale verksemder, seier Arne Hjeltnes.

Det var Cicilie Færestrand og Hilde Anita Røyrvik frå Fjord1 som tok mot prisen.

– Me vart veldig overraska over prisen, og sjølvsagt veldig glade. Nynorsk er språket vårt, det står i styringsdokumenta våre. Diplomet skal opp på veggen i styrerommet, som ei påminning om dette, sa Cicilie Færestrand, HR-leiar i Fjord1.

Juryen har i år lagt særskild vekt på at Fjord1 er i ein bransje der det ikkje er vanleg med god målbruk.

– Spesielt synest me at Fjord1 skal vera stolt over «Ferdamat». Det er eit konsept for sunn mat og mat som er lett å ta med seg i bilen – og ikkje minst er det eit mattilbod som bramfritt står fram som nynorsk. Me vonar Fjord1 vil halde fram å vera eit godt føredøme for andre større aktørar i næringslivet når det gjeld å bruke nynorsk, sa Magne Aasbrenn.

Noregs Mållag har delt ut nynorsk næringslivspris sidan 2006 og årets prisvinnar er den niande i rekkja som får denne heideren.

I tillegg til Arne Hjeltnes og Magne Aasbrenn, sit Mariann Njøsen, Nina Berge Rudi og Øystein Skjæveland i juryen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut