annonse

Rekordstor interesse for ny ungdomsskule

Nytt bygg
Nytt bygg: Eg har aldri hatt så mange interessentar til ein jobb, seier Kjell Nesbø i Stord kommune. (Foto: OLA STIAN ERIKSEN / illustrasjon)

Interessa for å få vera med og teikna/prosjektera den nye ungdomsskulen og fleirbrukshallen på Nysæter er rekordstor.

Olav Røli

Det melder prosjektleiar Kjell Nesbø i Stord kommune. Fristen går ut onsdag 20. september, og då Sunnhordland snakka med Nesbø tysdag ettermiddag, var over 54 firma interessert.

– Eg har aldri hatt så mange interessentar til ein jobb. Så det er tydeleg at det er stor interesse for denne type oppdrag, seier Nesbø.

Etter tilbodsfristen skal kommunen redusera talet på konkurrentar til fem. Nesbø reknar med at mange av interessentane fell av grunna mangel på formell kompetanse.

– Me har sett ein stram tidsplan. Og dei fem skal levera utkast til ny skule 23. november, seier han vidare. Fleire lokale firma har meldt seg på i konkurransen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut