annonse

Rusa båtførar

Helse
Helse: Ein båtførar køyrde i ring i hamnebassenget i Leirvik. (Foto: Steinar Hystad)
Ambulanse
Ambulanse: Personen vart teken hand om av ambulansepersonell (Foto: Steinar Hystad)

Alle naudetatar rykte ut til Leirvik måndag kveld etter at ein båtførar køyrde i ring i hamnebassenget.

  • Ingvild Eide

Sør-Vest politidistrikt opplyser på Twitter at dei fekk melding klokka 20.36 søndag om ein liten fritidsbåt som gjekk i ring i Leirvik hamn.

Naudetatane kom til staden og fekk kontakt med personen om bord.

– Personen, ein mann i 40-åra, framstod som rusa og er teken hand om av helse, skriv dei.

Mannen er ein kjenning av politiet. Han er mistenkt for å ha ført båten i påverka tilstand, og det vil bli teke blodprøve av han.

Etter hendinga er han også meld for truslar mot politiet, forulemping av offentleg tenestemann, og for besittelse av narkotika.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut