annonse

Rusa båtførar køyrde rundt i ring

TEKEN AV POLITIET
TEKEN AV POLITIET: Ein mann skal ha køyrd rundt i ring i hamnebassenget utanfor Leirvik. (Foto: MARIUS KNUTSEN/ILLUSTRASJON)

Politiet har oppretta sak.

Ingvild Siglen Berger

Klokka 18.30 onsdag kveld fekk politiet melding om at ein skipper på eit fartøy hadde teke hand om ein båtførar som køyrde rundt i ring like utanfor hamna i Leirvik.

Båten som gjekk i ring vart då lege til kai i Leirvik.

Ein patrulje vart sendt til staden, der båtføraren, ein mann i 50-åra stod fram som ruspåverka.

– Mistenkte vart framstilt for blodprøve, skriv politiet i sørvest på Twitter.

Patruljen har oppretta sak.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut