annonse

Rusa menn med kniv rota i konteinar på Vabakkjen

RUSA MENN
RUSA MENN: Natt til måndag fekk politiet auge på to menn på Vabakkjen som rota i ein konteinar. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

Henrik Mundal Andreassen

Natt til måndag vart to rusa menn observert i nærleiken av Stord lensmannskontor medan dei rota i ein konteinar.

– Politipatruljen som trefte på karane fekk ikkje nokon god forklaring på kvifor dei haldt på slik dei gjorde, fortel vaktsjef Gunnar Sande i Sør-Vest Politidistrikt.

Dei to er kjenningar av politiet på Stord, og skal ha hatt mykje verktøy i kvar sin ryggsekk, i tillegg til at dei også bar på kniv.

– Dei to vert meldt for bering av kniv, og for å ha brukt narkotika, seier Gunnar Sande.


Les også: Brann om bord i seglbåt

 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut