annonse

Rydda plass i Leirvik

: Forsyningsskipet NSO «Spirit» fortøydde ved Skotabergkaien på Leirvik i 10-tida måndag. (Foto: MARIUS KNUTSEN)
: Hamnesjef Inge Espenes (t.v.) tok imot mannskapet i formiddag.
(Foto: MARIUS KNUTSEN)

Dei neste vekene har to skip kapra plassen til MF «Skånevik».

Vidar Hope

Hamnesjef Inge Espenes har plassert gamle «Skånevik» på ved inngangen til Brygga 11 på Sunnhordlandskaien. Han treng nemleg plass til to skip på Skotabergkaien.
 
 
 
– Forsyningsskipa NSO «Spirit» og NSO «Fortune» ligg i vegen på Eldøyane der dei skal i gang med noko arbeid. Så for ein mellombels periode blir desse to flytta inn til Skotabergkaien. Dei skal liggja utanpå kvarandre, og det eine skipet blir verande i éin månad, medan det andre kan bli liggjande ei stund til, seier Espenes til Sunnhordland.
 
 
 
 
Følg skipstrafikken på Sunnhordland.no.
 
 
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.