annonse

Rykte ut til grasbrann

RYKTE UT
RYKTE UT: Til det som viste seg å vera bråtebrenning under kontroll. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON)

Som viste seg å vera bråtebrenning

Ingvild Siglen Berger

Fredag kveld rykte brannvesenet ut på melding om ein grasbrann på eit beite med kyr, ein stad i Fitjar kommune.

Då brannvesenet kom til staden var det snakk om ein mindre bråtebrenning der.

– Det var andre som hadde ringt inn og syntest det såg verre ut enn det var. Me sløkkja flammane og tok ein prat med dei ansvarlege, seier vaktleiar Christer Gilberg hos 110 Sør-Vest.

Hendinga skjedde like før klokka 20.30.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut