annonse

Rykte ut til lyngbrann på Bømlo

BRANN
BRANN: Fredag tok det fyr i lyng og kratt på Bømlo. (Foto: Ove Halleraker/Bømlo brannvesen)

Klokka 13.45 fredag fekk politi og brannvesen melding om ein gras- og lyngbrann i nærleiken av Agasøster på Bømlo.

Henrik Mundal Andreassen

– Eg vil anslå at det er i underkant av fire-fem mål som har brunne. Det er snakk om ein haug som har teke fyr, seier vakthavande Jens Helge Habbestad.

13 mann frå Bømlo brann og redning rykte ut, i tillegg til at dei også hadde frivillig mannskap i beredskap.

Brannvesenet fekk kontroll på brannen innan klokka 15.45.

Dei dreiv ei stund ettersløkking på staden.

Habbestad minner om totalforbodet mot eld i naturen i desse dagar.

Det er knusk turt i vegetasjonen og tek veldig lett fyr. 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut