annonse

Salma-laksen henta heim tre gullstjerner

Stjernetreff
Stjernetreff: Simon Nesse Økland og Bremnes Seashore vann tysdag gjæv pris for Salma-produkta deira. (Foto: Marius Knutsen)

Bremnes Seashore gjorde det sterkt i Superior Taste Awards 2018

Vidar Hope

International Taste and Quality Institute har tildelt Salma heile tre gullstjerner i Superior Taste Awards 2018. Prisen blei delt ut tysdag.

Vurderinga er gjort av ein prestisjefylt jury av uavhengige kokkar og sommelierar, og er anerkjent internasjonalt som garantist for overlegen smak, skriv Bremnes Seashore i ei pressemelding.

– Det er veldig få matvarer som oppnår toppresultat med tre stjerner, så dette har me god grunn til å vera stolte av. Dette heng for oss like høgt som ei tre-stjernes utmerking i Michelin-guiden, seier marknadssjef Simon Nesse Økland.

Salma vert, ifølgje pressemeldinga, produsert av den aller best råvara i ein prosess designa for å sikra optimal fiskevelferd og hygiene, og er resultatet av ei årrekkje med vesentlege investeringar i innovasjon og kunnskap.

Bremnes Seashore skriv at dei styrkar satsinga ytterlegare ved å installera eit heilt nytt opptaks- og bløggesystem som skal løfta kvaliteten på ferdigvara ytterlegare.

– Dette styrkar Salma sin posisjon som det beste av kvalitet innan lakseprodukt, og viser at ein produksjon basert på god fiskevelferd, hygiene og berekraft gjev best resultat, skriv Simon Nesse Økland.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut