annonse

Sammy Olsen blir ordførar på Bømlo

BLIR ORDFØRAR
BLIR ORDFØRAR: Sammy Olsen i Senterpartiet på Bømlo blir ordførar i kommunen. (Foto: NILS TORE SELE/ARKIV)

Avtale mellom Høgre, Sp, Frp, Venstre og PDK.

Henrik Mundal Andreassen

Torsdag ettermiddag melder koalisjonen på Bømlo mellom Høgre, Senterpartiet, Framstegspartiet, Venstre, og Partiet dei kristne, at dei har inngått ein avtale om kven som blir ny ordførar og varaordførar på Bømlo.

– Avtalen peikar ut Senterpartiets Sammy Olsen til ordførar for Bømlo, og Høgres Ragnfrid Sønstabø til varaordførar. Det er vidare avtalt andre verv og posisjonar mellom partane, seier koalisjonen i ei pressemelding.

Vidare står det at partane er einige om å endra utvalsstrukturen på Bømlo. Med nytt hovudutval for Natur og miljø. Nytt utval for Næring, industri og innovasjon.

– Dette er viktige grep for fornying og styrking av politiske reiskapar ein har for å vitalisera Bømlo som ein attraktiv kommune for vekst og nyetablering og eit sterkare fokus på natur og miljø.

Partia opplyser at dei ønskjer å leggja fram ein heilskapleg politisk plattform innan kommunestyret skal konstituerast i oktober.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut