annonse

Sebastian elskar å baka

SNART FERDIG UTDANNA
SNART FERDIG UTDANNA: Etter at Sebastian tok over Landsbybakaren har han jobba som lærling i eiga bedrift. Planen er å ta fagbrevet til neste år. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
BESTO ER PÅ PLASS
BESTO ER PÅ PLASS: Bestemor Serine A. Johnsen jobbar er blant dei tilsette som jobbar i kafeen til bakeriet. – Eg synest det er kjempekjekt, og ei æra å få gjera denne jobben. Det er ikkje alle som får jobba for barnebarnet sitt, smiler Serine A. Johnsen. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
VENNER PÅ BESØK
VENNER PÅ BESØK: Trass at Halsnøy er eit forholdsvis lite samfunn har dei sin eigen bakar. Noko Siri Njåstad (19) og Sigmund Medhus (21) set stor pris på. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
SAME LOKALE
SAME LOKALE: Landsbybakaren held til i akkurat dei same lokala som Peder Bakar heldt til i på Halsnøy. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
TIDLEG PÅ HAN
TIDLEG PÅ HAN: Sebastian Johnsen står gladeleg opp klokka tre om morgonen for å laga bakarvarer. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
MODERNE OMNAR
MODERNE OMNAR: Dei nye bakaromnane er mindre enn den gamle store, men kan til gjengjeld tidsstyrast slik at dei er varme og klare til han kjem på jobb om natta. Dei steiker fint inne i heile omnen, og brukar mykje mindre straum enn den gamle bakaromnen. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
HAR DET SOM TRENGST
HAR DET SOM TRENGST: Inne i bakeriet til Landsbybakaren er alt som trengst av eltemaskinar, omnar, og ikkje minst store gode trebord å jobba på. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
DYR OMN
DYR OMN: Den store og gamle bakaromnen (til høgre) blir ikkje brukt lengre, den brukar alt for mykje straum, i tillegg til at han steiker ujamt. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
TRIVST I BAKARJOBBEN
TRIVST I BAKARJOBBEN: Sebastian Johnsen har jobba i bakeriet i tre år og stortrivst som landsbybakar på Halsnøy. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Landsbybakaren har halde på i snart tre år på Halsnøy – og Sebastian Johnsen (20) står framleis opp klokka tre om morgonen for å baka brød og bollar.

Henrik Mundal Andreassen

Inne i kafeen til Landsbybakaren i Sæbøvik er det nokså roleg denne føremiddagen. Ein og annan kunde kjem inn døra, og får med seg ferske bakarvarer. Men ikkje la deg lura. Sjølv om det er roleg før lunsjtrykket, har det vore full fart inne på bakeriet sidan grytidleg om morgonen. Eller skal me seia natta.

– Eg jobbar måndag til laurdag, og står opp kvar dag klokka tre om natta. Då er det rett på jobb, utan å eta frukost, fortel Sebastian Johnsen (20).

TRIVST I BAKARJOBBEN
TRIVST I BAKARJOBBEN: Sebastian Johnsen har jobba i bakeriet i tre år og stortrivst som landsbybakar på Halsnøy. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Baking og kaffi

Han byrjar rett på bakinga når han kjem på jobb. Finn fram deig som har heva over natta, og steikjer bollar og brød, og får elles ting klart i bakeriet til dei andre kjem på jobb.

– Er det kjekt å jobba i bakeri?

– Å ja. Eg styrer meg sjølv, og står eigentleg berre opp tidleg fordi eg ønskjer det sjølv. Det er då ein får dei beste bakarvarene.

– Å?

– I teorien kunne eg ha starta i seks-sju tida om morgonen. Det tek ikkje meir enn 40–50 minutt å heva ein deig. Men spesielt langbrød, surdeigsbrød, loff og kneip blir best om ein lagar deigen klar dagen før. Så då står eg heller tidleg opp så slepp eg bruka frysepulver i deigen, og kvaliteten blir mykje betre, forklarar Sebastian Johnsen.

Dei produserer om lag 250 bakverk dagleg, og han og dei tilsette har nok å gjera på. Det jobbar tre årsverk i sjølve bakeriet, og fire i kafeen.

– Men frukost, det et du ikkje?

– Eg drikk mykje kaffi, og så et eg frukost på pauserommet i sju-tida når det har roa seg litt.

BESTO ER PÅ PLASS
BESTO ER PÅ PLASS: Bestemor Serine A. Johnsen jobbar er blant dei tilsette som jobbar i kafeen til bakeriet. – Eg synest det er kjempekjekt, og ei æra å få gjera denne jobben. Det er ikkje alle som får jobba for barnebarnet sitt, smiler Serine A. Johnsen. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Middagskvilen bergar dagen

Det er med andre ord ein god grunn til at han står grytidleg opp om morgonen på bakeriet. Men kva med resten av dagen, med venner og familie?

– Eg er som regel ferdig på jobb i ti-elleve tida om føremiddagen. Då er som regel kompisane mine på jobb. I tillegg så er det slitsamt å stå opp så tidleg, så eg plar ta meg ein kvil rundt lunsjtider. Utan den hadde eg ikkje fungert, seier Sebastian Johnsen.

Og så etter eit par timar med søvn, er også familie og kjente ferdige på jobb. Og då kan han finna på heilt andre ting enn å baka også.

Lærling i eiga bedrift

Bakeri har det vore i mange år på Halsnøy. Sist Peder Bakar, som heldt på i fem år, før selskapet vart meld konkurs i 2016. Sidan den gong har Sebastian teke over stafettpinnen.

– Korleis har dei siste tre åra gått?

VENNER PÅ BESØK
VENNER PÅ BESØK: Trass at Halsnøy er eit forholdsvis lite samfunn har dei sin eigen bakar. Noko Siri Njåstad (19) og Sigmund Medhus (21) set stor pris på. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

– Det har gått bra med oss, og me får også mange gode tilbake meldingar frå kundane våre, seier Sebastian Johnsen.

Han jobbar sjølv om lærling i verksemda, og Silje Margrethe Nygård er tilsett som bakar, slik at han får teke læretida si i sitt eige bakeri.

– No har det gått tre år, så eg håpar å bli ferdig utdanna bakar innan hausten til neste år, seier han

– Kvifor ville du bli bakar eigentleg?

– Det var eigentleg litt tilfeldig. Eg gjekk Teknikk og industriell produksjon på Stord vidaregåande, samstundes som eg jobba i kafeen hos Peder Bakar i nokre år. Eg treivst så godt i bakeriet at eg slutta på skulen, og fekk jobba i her i eit halvt år før konkursen i 2016.

Lærte mykje på kort tid

– Eg lærte meg mykje grunnleggjande kunnskap det halve året i Peder Bakar, og eg har lært mykje av Peder Sjo Slettebø, seier Sebastian Johnsen.

Nokre månader etter konkursen av Peder Bakar i juni 2016, kjøpte Brødrene Tofte Eigedom AS opp konkursbuet.

DYR OMN
DYR OMN: Den store og gamle bakaromnen (til høgre) blir ikkje brukt lengre, den brukar alt for mykje straum, i tillegg til at han steiker ujamt. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Tofte kjøpte då tilbake bakeriet som familien hadde seld til Peder Bakar i 2011. På Halsnøy har familien Tofte bakartradisjonar sidan 1913. Først Torbjørn Tofte, deretter Peder Tofte (derav namnet Peder Bakar), og så Jan Gunnar Tofte før det gjekk nokre år og Peder Sjo Slettebø tok over som bakar fram til 2016.

– Eg kom i dialog med huseigar etter konkursen, og kom til einigheit om at eg fekk lov til å ta over bakeriet, seier Sebastian Johnsen.

Sidan han var såpass ung (17 år) og utan ferdig utdanning, vart far hans sett inn som førebels dagleg leiar av Landsbybakaren AS fram til Sebastian har ferdigutdanna seg til bakar.

Ei stor reise

Sebastian fortel om tre hektiske år, og spesielt starten hausten 2016 var krevjande.

MODERNE OMNAR
MODERNE OMNAR: Dei nye bakaromnane er mindre enn den gamle store, men kan til gjengjeld tidsstyrast slik at dei er varme og klare til han kjem på jobb om natta. Dei steiker fint inne i heile omnen, og brukar mykje mindre straum enn den gamle bakaromnen. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

– Starten var veldig massiv. Bakeriet hadde vore stengt i to månader, og eg hugsar godt den første dagen me opna. Det var timevis med køar utanfor, seier Sebastian Johnsen.

– Peder Bakar hadde bakeriutsal i Rosendal og på Stord. Er dette noko du kjem til å satsa på etter kvart?

– Eg har ikkje tenkt noko særleg på det enno. Utsal krev enno fleire ressursar, så inntil vidare held det med kafeen i Selevik, og elles bedriftskundane som me leverer brød til. Men på eit seinare tidspunkt ser eg ikkje vekk ifrå at me kan opna fleire filialar, seier Sebastian Johnsen, som fortel at folk kjem frå heile distriktet for å smaka bakarvarene deira.

– Boller våre er veldig populære. Spesielt i sommarsesongen går det med mykje. Me får gjester frå heile Sunnhordland, ikkje berre Kvinnherad. Folk frå Stord og Bømlo kjem også innom for å handla hos oss, sluttar ein travel, men nøgd landsbybakar.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut