annonse

Seier seg ikkje skuldig

OMKOM
OMKOM: Karl Anders Horneland (t.v.) er bistandsadvokat for dei etterlatne etter Atle Eide. Her saman med tingrettsdommar Frank Schmidt som administrerer saka. (Foto: KJETIL ØSTREM)
ULUKKE
ULUKKE: Det var 12. desember 2015 at ulukka, der Atle Eide omkom, skjedde. No står 20-åringen som køyrde på Eide tiltalt for aktlaust bildrap i retten. (Foto: LISE C. C. SÆTREVIK, GRENDA)

20-åringen sa seg ikkje skuldig i bildrap då rettssaka starta i dag.

Hilde Vormedal Nybø Kjetil Østrem

Framfor eit stort oppbod av familie pårørande og presse svarte den unge mannen nei, då han blei spurt om han sa seg skuldig i tiltalen som gjeld å aktlaust har forvoldt ein annans død.

20-åringen er tiltalt for bildrap etter ulukka på Halsnøy, der Atle Eide (47) mista livet, i desember 2015.

Sunnhordland tingrett har sett av tre dagar til rettssaka mot den unge mannen.

Høg fart

Påtalemakta meiner bilføraren er skuldig i aktlaust bildrap, for brot på aktsemdsparagrafen i vegtrafikklova, og for å ha køyrt for fort.

Ulukka skjedde om ettermiddagen 12. desember 2015, rett etter klokka 17, på Fv 544 på Halsnøy.

Atle Eide, som budde rett ved ulukkesstaden, køyrde langs vegen på moped. Samstundes kom tiltalte køyrande i sin bil i same retning som mopeden. Fartsgrensa på staden er 60 km/t.

ULUKKE
ULUKKE: Det var 12. desember 2015 at ulukka, der Atle Eide omkom, skjedde. No står 20-åringen som køyrde på Eide tiltalt for aktlaust bildrap i retten. Foto: LISE C. C. SÆTREVIK, GRENDA

Rett før eit vegkryss starta bilen forbikøyring av mopeden, og påtalemakta meiner at farta på bilen var mellom 79 km/t og 95 km/t då han var på veg forbi mopeden. Dei meiner også at bilføraren ikkje vurderte faren før forbikøyringa godt nok.

Ifølgje tiltalen skal mopeden ha svinga til venstre samstundes med forbikøyringa, med det resultatet at mopeden vart treft av bilen.

Belastning

Atle Eide vart slengt av mopeden i samanstøyten, og omkom momentant.

– For familien har det vore ei veldig belastning at etterforskinga har teke så lang tid, men dei er glade for at saka no kjem opp for retten. Dei ser fram til å få sett eit punktum, sa advokat Karl Anders Horneland, som er bistandsadvokat for dei fornærma i saka, til Sunnhordland i april i år.

47 år gamle Eide lét etter seg kone og tre born.

Ferskt sertifikat

20-åringen hadde berre hatt sertifikatet i nokre månader då ulukka skjedde.

– Han har hatt det heilt forferdeleg i tida etter ulukka, sa mannen sin forsvarar, advokat Per Egil Hessen, til Sunnhordland i vår.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut