annonse

Seksåringane slepp å byta skule

FORTVILA
FORTVILA: Rektor Anita Eriksen likar dårleg situasjonen som har oppstått på Langeland skule. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Men kommunen veit framleis ikkje korleis problemet med kapasiteten til skulen skal løysast.

  • Anders Totland

– Me har gått gjennom våre prosedyrar for tildeling av skuleplass, og ser at foreldra må kunna tenkja at dei har fått tildelt skuleplass når dei blir inviterte til førskuledagar, seier kommunalsjef Mariann Hilt.

– Betyr det at dei som besøkte Langeland før helga også får gå der til hausten?

– Ja. Me vil tilstreba i størst mogeleg grad å få plass til alle som opplever at dei har Langeland som sin nærskule hausten 2017, seier Hilt.

Ho fortel at det var 58 elevar som var invitert til førskuledagar på Langeland. Når ein passerer 56 elevar utløyser det etter Stord kommune sine retningslinjer ein tredje parallellklasse.

Utfordrande situasjon

Som Sunnhordland kunne fortelja før helga, har det den siste tida kome fleire nye førsteklassingar til området. Slik det ligg an, er det i haust 63 elevar som skal byrja på Langeland skule, medan det er 52 elevar som går ut av sjuandeklasse.

Både rektor Anita Eriksen og kommunalsjef Hilt har vore klare på at det vil vera utfordrande, både med tanke på dei fysiske fasilitetane og det pedagogiske tilbodet til elevane.

Ser på ulike alternativ

– Kva kan bli løysinga på dette problemet, dersom ingen skal flyttast?

– Me har fleire alternativ som me ser på. Til dømes har det blitt tatt opp om det er spesialrom som kan brukast, eller om ein kan utvida skuledagen for å få kabalen til å gå opp. Men det er ikkje sikkert at dette blir løysinga. Bruker me spesialromma til klasserom, vil det gjera situasjonen krevjande for alle elevane på skulen, og utvidar me skuledagen vil det gjera det vanskeleg for SFO-ordninga. Alt dette er ting me no må vurdera, seier Hilt som reknar med å ha svaret klart før torsdag.

– Då må me ha ein plan for korleis me skal løysa dette til hausten, seier Hilt.

Politisk sak

Problema med liten plass på Langeland skule har vore godt kjende i mange år. I skulebruksplanen som gjeld frå 2012, står det svart på kvitt at ein må rekna med å ha langt over 400 elevar gjennom heile perioden. Ein av dei som har vore på banen tidlegare er Kurt Arne Tyse, som ved eitt høve foreslo å byggja ny skule sjølv, som han kunne leiga ut til kommunen. Dette sa politikarane nei til.

Når situasjonen på Langeland no kjem på dagsorden igjen, er utgangspunktet til administrasjonen at dei vil endra krinsgrensene frå og med skuleåret 2018/2019. Uavhengig av korleis det går med årets førsteklassingar, kan dermed familiar i Hornelands-området risikera å måtta senda nye førsteklassingar til Tjødnalio neste år. Ifølgje Hilt vil ei sak om krinsgrensene bli tema alt i møtet til komite for oppvekst og utdanning neste veke.

anders@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut