annonse

– Set pris på tilliten

Naturgass
Naturgass: Statoil har forlengja kontrakten verdas første forsyningsskip på naturgass Viking Energy. (Foto: EIDESVIK OFFSHORE ASA)

Statoil har forlengja kontrakten på forsyningsskipet «Viking Energy».

Hilde Vormedal Nybø

Det kjem fram i ei pressemelding frå Eidesvik Offshore ASA. Oljeselskapet hadde ein opsjon på eitt år i kontrakten og har gjort denne gjeldande. Dermed blir avtalen forlengja eitt år frå april 2018. «Viking Energy» er det første forsyningsskipet i verda som har LNG som drivstoff. Skipet har vore på kontrakt til Statoil sidan det blei levert i april 2003.

Sunnhordland meiner: Spennande tider i vente

Som eit ledd i Eidesvik sitt arbeid for reduksjon i drivstofforbruk og tilsvarande utslepp, blei det i 2016 installert ein batteripakke i skipet.

– Me vil no klargjera skipet for landstraum, i tillegg til avansert utstyr for betre målingar av drivstofforbruket, skriv reiarlaget i pressemeldinga.

Les også: Eidesvik og Wärtsilä fekk internasjonal pris saman

Her kjem det fram at ein er glad for tilliten frå oljeselskapet.

– Me set stor pris på at Statoil igjen viser oss tillit, og er glad for å kunne forsterka samarbeidet med Statoil for ytterlegare reduksjonar i utslepp frå våre skip, seier Jan Fredrik Meling adm.dir. i Eidesvik Offshore ASA.

Sjekk skipstrafikken over heile verda her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut