annonse

Sjå sendinga her!

Debatt
Debatt: Gaute Epland (f.v.), Torbjørn Brosvik, Hilde Hauglid, Øyvind Kyvik og Sigbjørn Framnes deltok i debatten på NRK Hordaland i ettermiddag. Sjå sendinga nede i saka. (Foto: NRK Hordaland)

Klokka 14.12 i ettermiddag skal politikarane på Stord til pers på direkten.

Vidar Hope

Fram mot fylkes- og kommunevalet har NRK Hordaland valdebattar frå heile fylket. For Sunnhordland sin del starta det i Våge på Tysnes i går. I dag tidleg var det sending frå Fitjar sentrum. No i ettermiddag er turen kommen til torget på Leirvik.

– Målet er å løfta fram det kommunevalet egentleg handlar om. 25 ulike val i 25 ulike kommunar, som alle har sin eigenart, sine saker og sine kandidatar, seier redaksjonssjef i NRK Hordaland, Sølve Rydland.

– Vår valkampdekking skal handla om innbyggjarane i kommunane og deira kandidatar, ikkje Erna og Jonas, legg han til.

Det er Oddgeir Øystese og Tale Hauso som leier debattane.

– Me skal prøva å få fram kva som er det viktigaste i kvart av desse vala, seier Øystese.

Onsdag går turen til Svortland for å ha morgonsending der.

Sjå valdebatten direkte frå Leirvik frå klokka 14.12:

 

Sjå Sunnhordland si meiningsmåling for Stord kommune her.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut