annonse

Sjåfør frakta til sjukehus etter at kran losna

ARBEIDSULUKKE
ARBEIDSULUKKE: Ein lastebilsjåfør er sendt til sjukehus etter ei ulukke knytt til lossing av siloballar. (Foto: MARIUS KNUTSEN)
VELTA
VELTA: Føraren av kranbilen skal ifølgje politiet vera våken og klar. Her bli han frakta inn i ambulansen. (Foto: MARIUS KNUTSEN)
NAUDETATAR PÅ STADEN
NAUDETATAR PÅ STADEN: Arbeidsulukka skal ha skjedd i Fjellgardsvegen på Stord. (Foto: MARIUS KNUTSEN)

Ein person i arbeidsulukke i Fjellgardsvegen på Stord.

Ingvild Siglen Berger

Naudetatane fekk melding klokka 11.52 om at ein kran hadde velta av ein lastebil på Stord.

– Ulukka skal ha skjedd under lasting i eit gardstun. Kranbilen hindrar ikkje trafikken der den ligg. Førar av kranbilen er «vaken og klar», skreiv Sør-Vest politidistrikt på Twitter klokka 12.10. 

Leif Rune Vad i Stord brann og redning fortel at ulukka skal ha skjedd då ein lastebilsjåfør var på gardstunet for å lossa siloballar.

– Han skal ha brukt ein bakmontert kran som han sat på då den losna og fall av. Sjåføren skal ikkje ha hamna i klem slik me ser det, men me veit ikkje kor hardt skadd han er. Me trur dette heldigvis kan ha gått mykje betre enn me først frykta, seier Vad.

Han fortel at lastebilsjåføren var våken og bevisst då han vart frakta vekk med ambulanse, truleg til Stord sjukehus. 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut