annonse

Sjekk rådmannen si kuttliste

Dårlege utsikter
Trongt budsjett: Rådmann Magnus Mjør legg i dag fram budsjettet for Stord kommune. (Foto: Marius Knutsen / arkiv)
Dugnad
Dugnad: I sommar malte folk på Litlabø barnehagen på dugnad. No vil rådmannen stenge den. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
Seier opp
Seier opp: Kirkens Bymisjon med Sindre Hauan og Arne Valen opna på Leirvik i 2010. No vil rådmannen seia opp avtalen. (Foto: PER EGIL LARSEN)
Stengt til våren
Stengt til våren: Rådmannen foreslår å stenga begge fritidsklubbane. Her spelar Benjamin Sæbø Liseth bordtennis på Litlabø fritidsklubb i fjor. (Foto: Olav Røli)
Lunsjen
Lunsjen: Rådmannen vil starta prosessen for å kutta betalt lunsjpause for kontortilsette i Stord kommune.
Er inne
Er inne: Rackethallen trenger rehabilitering og er inne i budsjettet til rådmannen.

Dette er tenestene som rådmann Magnus Mjør vil kutta eller prioritera i budsjett og økonomiplan 2018-2021.

Hilde Vormedal Nybø

Magnus Mjør si utfordring etter forslag til statsbudsjett blei lagt fram, var ein underbalanse på 34,15 millionar kroner dersom ein ikkje skal bruka eigedomsskatten til drift.

Her vil rådmannen kutta:

4,4 årsverk i administrasjonen.

Stengje éin avdeling i Skogatufto barnehage: 1,2 mill.

Leggja ned barnehagen på Litlabø: 0,9 mill.

Slå saman Tjødnalio og avdeling Sagvåg til Sagvåg barnehage: 0,9 mill.

Kutta to stillingar ved vaksenopplæringa: 1,5 mill.

Ikkje tilsetta psykolog: 0,7 mill. (krav frå 1.1.2020)

Dugnad
Dugnad: I sommar malte folk på Litlabø barnehagen på dugnad. No vil rådmannen stenge den. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Leggja ned Litlabø fritidsklubb og Harri fritidsklubb 16. mai 2018: 300.000 i 2018 og 750.000 for heile året.

Ikkje pengar til Stord maritime museum. Har søkt om 350.000 kroner.

Sunnhordland museum får 100.000 (har søkt om 690.000 kroner).

Seia opp avtalen med Kirkens Bymisjon (459.000/788.000)

Helsestasjon ungdom redusert med 0,2 mill.

1,5 stilling vakant i oppfølgingsavdelinga og flyktningtenesta (950.000)

Reorganisering av Hamna og Maris, kuttar leiarstilling for Hamna (0,7 mill.)

Seier opp
Seier opp: Kirkens Bymisjon med Sindre Hauan og Arne Valen opna på Leirvik i 2010. No vil rådmannen seia opp avtalen. Foto: PER EGIL LARSEN

Kuttar stilling som erfaringsmedarbeidar (360.000 kroner)

Kuttar vaktselskap til kommunale bustader 320.000 kroner.

Utset opninga av dagplassar på Sæbø gard til 2019.

Kuttar to årsverk i avdeling for habilitering (1,5 mill.)

Avviklar Frisklivssentralen (323.000)

Omorganisering Heimebaserte tenester og reduksjon i 2,9 årsverk (2,4 mill.)

Ikkje pengar til kommunalt legekontor i Sagvåg.

Stengt til våren
Stengt til våren: Rådmannen foreslår å stenga begge fritidsklubbane. Her spelar Benjamin Sæbø Liseth bordtennis på Litlabø fritidsklubb i fjor. Foto: Olav Røli

Kutta betalt matpause for tilsette innan kontor- og administrasjon i Stord kommune.

Kuttar 1,5 årsverk i Nav.

Dette har rådmannen funne rom til i budsjettet:

Pussa opp rådhuset: 9 mill.

Rehabilitering av kyrkjene: 1,5 mill.

Kunstgras på Hystad i 2020: 3 millionar.

Rackethallen: 14 mill.

Er inne
Er inne: Rackethallen trenger rehabilitering og er inne i budsjettet til rådmannen. Foto: -

Reiselivssatsing i regi av Samarbeidsrådet tilsvarande 12 kroner per innbyggjar

Veg til Grunnavågen 28,1 millionar

Opprusting av den gamle sjukeheimen i 2019 (40 millionar)

Fullfører pilotprosjekt som har som mål å gje kvar elev sin eigen pc på skulen.

Ny prosesjonsveg: 12 millionar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut