annonse

Sjøvatnet spruta inn i maskinrommet på MF «Færøy»

SLO ALARM
SLO ALARM: Den nye Torghatten Nord-ferja M/F «Færøy» som går i sambandet Halhjem-Sandvikvåg fekk problem i dag tidleg. (Foto: ODD EGIL BOGEN/ARKIV)

Den nye ferja fekk store problem i Halhjem.

Henrik Mundal Andreassen

Torghatten Nord-ferja MF «Færøy» slo alarm medan ferja låg til kai ved Halhjem laurdag morgon. Ein lekkasje hadde oppstått på eit røyr, og sjøvatn rann inn i maskinrommet.

Dei åtte om bord av mannskapet vart umiddelbart varsla om at ferja kunne byrja å krengja. Alle naudetatar i tillegg til Hovudredningssentralen vart også varsla.

– Me var føre var og tok høgde for at ferja i verste tilfelle kunne få slagside. Me sende Os brann og redning for å assistera med pumper, seier Helge Lund ved 110-sentralen til BT.no.

Krenginga vart unngått ved at ferjemannskapet fekk i gang pumpene, og klokka sju om morgonen melde dei om kontroll på situasjonen. Administrerande direktør i Torghatten Nord, Torkild Torkildsen fortel til avisa at det ikkje er ein hyggjeleg situasjon for ferjeselskapet. Også sett i lys av alle dei andre problema selskapet har hatt i tilknyting dei nye ferjene det siste halvåret.

– Det har vore ein del utfordringar. Og det har vore eit strevsamt første kvartal, ikkje berre for meg, men for sjøfolka også, seier han til BT.

Ifølgje Torkildsen er det ingen indikasjonar på at det er noko gale med ferja etter lekkasjen, anna enn at dei meiner det kan vera snakk om ein dårleg festa plugg. Dei andre ferjene skal også sjekkast etter lekkasjen. MF «Færøy» gjekk i rute igjen laurdag føremiddag, men med forseinkingar. Forutan kansellering i høve tidsrommet lekkasjen skjedde, vart avgangen frå Sandvikvåg 11.40 og Halhjem 12.30 forseinka med ti minutt.

Les også: Ferjekrøll bremsar påsketrafikken

Les også: M/F «Færøy» truleg i trafikk denne veka

 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut