annonse

Skal byggja endå ein båt for Napier

NY BÅT:
NY BÅT: FMV43 har designen kalla HFMV P43-400 v2, og er eit fellesprosjekt mellom Napier, Heimli og FMV. (Foto: FMV)
NY KONTRAKT:
NY KONTRAKT: Hugo Strand (FMV), Kjetil Tufteland (Napier), Asbjørn Vik (Heimli), Bjørn Apeland (Napier), Åsmund Sørfonn (FMV). (Foto: FMV)

Fitjar Mekaniske Verkstad og Napier har signert endå ei design- og byggjekontrakt.

Marius Knutsen

I juni 2017 fekk Fitjar Mekaniske Verkstad (FMV) oppdraget med å byggja FMV39 «Taupo» frå reiarlaget Napier. Båten er allereie under bygging på Fitjar og skal leverast i november i år.
No har FMV signert ei ny kontrakt der dei skal byggja endå ein båt for reiarlaget.
– Me er stolte av å få vera med på å bidra til vidareutvikling av ein av våre viktigaste næringar. Me ser fram til å halda fram med samarbeidet med både Napier og Heimli, skriv FMV i ei pressemelding.

Fellesprosjekt

Den nye båten har fått byggjenummer FMV 43 og skal overleverast i mai 2019. 
– Skipet er ein prosessbåt av typen HFMV P43-400 v2. Fartøyet har dimensjonane 42,9x11x4,9 meter. Det kjem til å få ein tankkapasitet på 400 m³, heiter det i pressemeldinga.
Saman med designselskapet Heimli på Fitjar har FMV og Napier utvikla ein heil serie med prosessbåtar.
– Utover i 2018 vil designserien bli marknadsført. Føremålet er å tilby fleksibilitet i valet av prosessbåt.

Godt samarbeid

Napier AS er eit reiarlag frå Bømlo.
– Me gler oss over å komma i gong med endå eit nybyggingsprosjekt av HFMV-design på Fitjar og forsterka vår offensive satsing på prosessbåtar, skriv selskapet i ei pressemelding. 

NY KONTRAKT:
NY KONTRAKT:: Hugo Strand (FMV), Kjetil Tufteland (Napier), Asbjørn Vik (Heimli), Bjørn Apeland (Napier), Åsmund Sørfonn (FMV). Foto: FMV

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut