annonse

Skal inn i Amfi

Nøgd
Nøgd: Senterleiar Hans Martin Haavik er nøgd med at Coop Extra kjem inn og erstattar dagens Meny-butikk, som er historie ved årsskiftet. Arkiv (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Ut med Meny, inn med Coop Extra.

Magne Kydland

No kjem lågpriskjeda Coop Extra til Leirvik sentrum. Frå før har dei butikk på Heiane Storsenter.

– Norges raskast veksande daglegvarekjede etablerer seg i Leirvik sentrum. Coop Sørvest har inngått avtale om etablering av lågpriskjeda Extra på kjøpesenteret Amfi Stord. Butikken, som blir på om lag 1.500 kvadratmeter, opnar våren 2018, skriv Amfi i ei pressemelding.

– Extra-kjeda har opplevd ein eventyrleg vekst og kundane, som også er medeigarane våre, har openbart sett stor pris på kombinasjonen av låge priser og stort utval. Denne vinnaroppskrifta blir vidareført og me ser fram til å opne endå ein Extra-butikk på Stord allereie til våren, seier regiondirektør Trygve Viksei Coop Sørvest.

Butikken på Heiane har ein omsetnad på godt over 100 millionar kroner og nesten ein halv million kundar i året, og er blant dei største i kjeda. Totalt nærmar Extra-kjeda seg om lag 400 butikkar over heile Norge.

– Butikken på Heiane er veletablert og blitt godt motteken. Me er sikre på at den nye butikken på AMFI Stord også kjem til å bli ein kjempesuksess, seier Vikse.

Eigedomssjef Hans Henrik Holck hos Amfi/Thon er veldig glad for etableringa og ser fram til opning våren 2018.

– Me ønskjer Extra-kjeda velkommen til Amfi Stord. Dette er veldig positivt for oss og ikkje minst for kundane, seier senterleiar Hans Martin Haavik.

magne@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut