annonse

Skal levera utstyr til havvind-fartøy

FARTØYET
FARTØYET: Servogear skal levera framdriftssystem for to nye havvind-fartøy som skal opererast av Njord Offshore. (Foto: BMT/ILLUSTRASJON)

Det Bømlo-baserte firmaet Servogear skal levera utstyr til engelske Njord Offshore.

Ingvild Siglen Berger

Det skriv Servogear i ei pressemelding torsdag. Engelske Njord Offshore har nemleg valt å utstyra to nye fartøy for transport av personell til havvind-anlegg med Servogear sitt energieffektive Ecoflow Propulsor framdriftssystem.

– Me er stolte over å ha blitt valt som leverandør og ser dette som ei tillitserklæring frå Njord Offshore og Cheoy Lee Shipyards. Den asiatiske marknaden er veldig interessant for oss, og med disse nye fartøya for transport av personell til havvind-installasjonar, styrkjer me posisjonen vår internasjonalt i marknaden for arbeidsbåtar, seier dagleg leiar Torleif Stokke i pressemeldinga.

Framdriftssystem

Kontrakten vart signert i andre kvartal 2018, og fartøya skal byggjast ved Cheoy Lee Shipyards i Hongkong. Servogear sitt oppdrag er å levera komplette framdriftssystem for to nye, 23 meter lange havvind-fartøy som skal opererast av Njord Offshore i Nordsjøen.

– Gjennom våre fartøy ønskjer me å tilby våre kundar den aller beste offshoretransporten i kombinasjon med optimal drivstoffeffektivitet. For fartøy av denne storleiken var Servogear Ecoflow Propulsor eit opplagt val. Me ser fram til å samarbeida med Servogear om å levera pålitelege tenester til kundane våre, seier Tom Mehew, dagleg leiar hos Njord Offshore.

Marknad i vekst

Njord Offshore held altså til i England, og er spesialistar på transport av personell til havvind-anlegg med erfarent mannskap og båtar som er godt heldt ved like. Ifølgje Servogear reiste meir enn 300.000 arbeidarar med fartøya til Njord Offshore til ulike anlegg i Nordsjøen frå 2013 til 2017.

– Me er glade for at marknaden for servicefartøy til offshore vind er i vekst att. Etterspurnaden etter raske, energieffektive og maksimalt manøvrerbare fartøy veks. Det skapar mogelegheiter for våre framdriftssystem over heile verda, seier Stokke.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut