annonse

Skal snakka om framand­frykt i Stord kyrkje­akademi

: Tysdag kjem den kjende samfunnsdebattanten Shoaib Sultan til Stord kyrkjeakademi for å snakka om framandfrykt.
(Foto: ARNFINN PETTERSEN)

Tysdag skal Shoaib Sultan halda foredrag og innleia til ordskifte over temaet «Angsten for den andre».

Magne Kydland

– Dette er eit høgaktuelt tema, og eitt av aspekta ved dette temaet vert for tida heftig diskutert i lesarbrevspalta i Sunnhordland. Møtet vert på Stord kommunale rehabiliteringssenter, opplyser Dag Eirik Eikeland, leiar for Stord kyrkjeakademi.
 
 
 
Shoaib Sultan er ein av våre mest kjende samfunnsdebattantar. Sultan er fødd og oppvaksen i Norge, av pakistanske foreldre. Utdanningsmessig har han universitetseksamenar i statsvitskap og ein MBA-grad frå Colorado State University.
 
 
 
Sultan er ein mann med mange jern i elden. Til dagleg er han rådgjevar i Antirasistisk Senter. Men han er òg nestleiar i Nei til EU, har vore aktiv i fredsrørsla, generalsekretær i Islamsk Råd, Stålsett-utvalet, og mykje, mykje anna! I haust var han ein av kandidatane til ordførarvervet i Oslo, som innvald representant for MDG. Dei som følgjer med i dei «meiningsberande» avisene Klassekampen, Vårt Land, Dag og Tid og Morgenbladet vil hyppig ha lagt merke til dei reflekterte meiningane hans. Og som ein kuriositet kan nemnast at då han vart fast spalist i avisa Dagen i Bergen, fekk avisa oppsedingar frå fleire tingarar. Mange hugsar vel òg rabalderet det skapte i hovudstaden då han vart leiar av 17. mai-komitéen der i 2013.
 
 
 
– Temaet er stadig like aktuelt, og har oppteke og prega menneska i uminnelege tider. Men nett no har denne angsten fått ein ny aktualitet, og konsekvensane av denne angsten spring oss i møte straks me låner augo og øyre til våre media, seier Eikeland.
 
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut