annonse

Skal varsla uvêr med fargar

Uvêr
Uvêr: Store stormar vil bli merka med fargar for å gje eit bilete på kor stor faren er. Her ser me uvêr ved Skjersholmane på Stord. (Foto: Marius Knutsen)

Meteorologisk institutt legg vekk den gamle ordninga med Obs-varsel.

Vidar Hope

Når hauststormane etter kvart slår inn mot Vestlandet, blir det ikkje lenger sendt obs-varsel slik tradisjonen har vore. No er det fargane gul, oransje og raud som gjeld.

– Fargane seier noko om kor farleg ting kan bli, så det er viktig at alle forstår dette, seier prosjektleiar Gjermund Haugen ved Meteorologisk institutt til Yr.no.

Meteorologisk institutt starta med fargane allereie 1. mai i år for å gjera det enklare å forstå kor stor faren er når uvêret kjem. Men det var først denne veka at farevarsel med fargar blei synleg på nettstaden Yr.no og i appen.

Dei aller fleste vêrvarsel er ikkje farga på nokon måte, som betyr at alt er normalt. Farevarsel kjem først når det er fare for skadsr, og har gult, oransje eller raudt nivå:

* Gult det vanlegaste farenivået i Norge, og betyr at situasjonen er moderat farleg, og det er dette nivået som tidlegare blei kalla Obs-varsel.

* Ved oransje nivå skal du ta det svært alvorleg. Dette er noko som ikkje skjer ofte, og det betyr stor fare. Førebu deg på alvorlege konsekvensar, og tenk deg om éin gong til dersom du har planar om å opphalda deg i det aktuelle området.

* På raudt nivå går alarmen. Dette er ein svært sjeldan, men ekstrem situasjon med ekstrem fare. Kort sagt: Ekstremvêr, skriv Yr.no.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut