annonse

Skaparverkets dag i Fitjarfjellet

Friluftsgudsteneste
Friluftsgudsteneste: Tradisjonen tru vert det friluftsgudsteneste i Fitjarfjellet 2. pinsedag. (Foto: Kyrkjekontoret i Fitjar)
Prest
Prest: Sokneprest Roald Drønen håpar mange tek turen til «skaparverkets dag» på Fitjarfjellet 2. pinsedag. Her frå utegudsteneste i Dåfjorden 2. påskedag. (Foto: Ingvild Siglen Berger)

Her blir det både friluftsgudsteneste og musikk ved gapahuken ovanfor Olstjødno.

Magne Kydland

– I fleire år har folk, også frå andre stadar, teke beina fatt og gått til fjells for å feira gudsteneste i Fitjar-fjellet 2. pinsedag. Tradisjonen tru innbyr me til det same dette året også. I år er det skaparverket som er tema for gudstenesta. Kva passar betre når me er omgjevne av fjell og vidder, blomar, blad og minste frø og utsyn over havet i vest?

Dette skriv sokneprest Roald Drønen i ein e-post til Sunnhordland. Lokale musikarar vil i tillegg syta for musikk.

– Der oppe skal me få syngja og prisa vår Gud og Skapar, og bli minna om me er sette til å forvalta det fantastiske skaparverket til beste for kvarandre og kommande slekter, held Drønen fram.

Prest
Prest: Sokneprest Roald Drønen håpar mange tek turen til «skaparverkets dag» på Fitjarfjellet 2. pinsedag. Her frå utegudsteneste i Dåfjorden 2. påskedag. Foto: Ingvild Siglen Berger

Gudstenesta vert ved gapahuken, ein kort spasertur opp frå Olstjødno. Dit kan ein køyra med bil til ein stor parkeringsplass. For dei som ikkje er «føre» til å gå, vert det ordna med skyss det siste stykket.

– Ta med niste og drikke. Har du lyst å gå ein «omveg» heim att, vert det organisert ein lett tur om Beinatjødnsvarden (500 moh.). Håper å sjå deg i Fitjar-fjellet! er oppmodinga frå presten.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut