annonse

Skaut med startpistol

Væpna politi
Væpna politi: Politiet tok ingen sjansar, og måtte be om løyve til å væpna seg, etter fleire meldingar om skot i Sagvåg onsdag kveld. (Foto: Illustrasjon)

Væpna politi rykte ut etter melding om fleire skot i sagvågsområdet onsdag kveld.

Magne Kydland

– Det var like før klokka 20.30 at det kom inn fleire meldingar om skot i eit område i nærleiken av Sagvåg. Meldingane gjorde at politiet væpna seg, fortel vaktsjef Mads Hinderaker ved Haugesund politistasjon.

Då dei kom fram viste det seg at det truleg var ein startpistol det var snakk om.

– Det står ikkje noko om kvifor han dreiv og skaut med denne, men det skal ikkje ha vore fare for personar. Det vil bli oppretta sak mot han som skaut. Det er ein mann i 20-åra, fortel Hinderaker.

Les også: Slo med sleggje og trommestikker

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut