annonse

Skeie opnar i Singapore

SATSAR PÅ ASIA
SATSAR PÅ ASIA: Ronny Gjøse og Geir Skeie opna nyleg Pink Fish restaurant i Bergen. Til våren opnar dei i Singapore. (Foto: PRIVAT)

Pink Fish har opna sju restaurantar på eitt år. Til neste år opnar den første i utlandet.

Marius Knutsen

– Dette er heilt klart ein viktig milepåle for oss. Samstundes så har det lege i planane våre heile vegen at me skal til utlandet. Det er likevel alltid kjekt å sjå at ein lukkast, seier dagleg leiar Ronny Gjøse.

Nyleg blei det kjent at verdas første «fast fish»-kjede skal inn i The Jewel. Eit kjøpesenter på ti etasjar og 134.000 kvadratmeter midt i mellom terminalane på Changi Airport i Singapore.

– Dette er verkeleg eit prestisjeprosjekt innan eigedom i Singapore. Det var lange forhandlingsrundar for å hamna der, heldigvis blei me samde. Me har lyst til å komma oss inn på den asiatiske marknaden, då er det viktig å ha ei god plassering på den første restauranten, held Gjøse fram.

I tillegg til restauranten i Singapore, opnar også Pink Fish restaurantar på Sola og to i Oslo på nyåret.

– Totalt vil me ha sju i Norge og éin i Asia. Etter det skal me pusta litt i bakken. Me har verkeleg gått «all in» i etableringsfasen, seier Gjøse.

Les også: Skeie opna ny restaurant i Bergen

Sidan pilot-restauranten opna på Steen og Strøm i Oslo i november i fjor har det nemleg gått i eitt for Gjøse, Geir Skeie og Svein Sandvik.

– Mottakinga har vore bra. Når det er sagt så er det eit nytt lerret så må bleikjast. Det er ikkje andre liknande restaurantar der ute. No gjeld det å byggja opp merkevara vår, seier Gjøse.

Framover vil dei satsa for fullt på å opna fleire restaurantar i Asia.

– Me veit at det er stor merksemd rundt norsk laks i Asia. Det er eit enormt potensial for oss der. Det blir også enklare for oss å etablera oss, når me har ein restaurant der frå før som folk kjenner og har høyrt om.

Sunnhordland på leiarplass: Lukke til med satsinga, Geir Skeie!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut