annonse

Skjebne-rettssak på fredag

BRAUT OPP
BRAUT OPP: Politiet braut seg inn i bedehuset. I ettertid er det også komme fram at dei bar våpen. Pastor Frank Gunnar Håvik skal vitna i rettssaka. (Foto: MARIUS KNUTSEN)
Aksjon
Aksjon: Politiaksjonen for å henta familien i dette bedehuset på Fitjar har fått nasjonal merksemd. (Foto: Privat)
Midlertidig stans
Midlertidig stans: Jostein Løken er familien sin advokat, har bede om rettssaka for å få midlertidig stoppa utsendinga av familien. (Foto: PRIVAT)
Husly for fem
Husly for fem: Borna til det afghanske ekteparet er seks månader, tre og fem år. Planen var at dei skulle bu her til ankesaka kom opp i lagmannsretten neste år. (Foto: MARIUS KNUTSEN)

Fredag skal saka til familien som har vore i kyrkjeasyl i Fitjar opp i Borgarting lagmannsrett.

Hilde Vormedal Nybø

– Det blir ein skjebnedag. Kanskje spørsmål om liv og død. Dei er konvertittar, og det er berre eitt land i verda, Nord-Korea, som handsamar konvertittar meir brutalt enn Afghanistan, seier Frank Gunnar Håvik, pastor i Nytt Liv Sunnhordland, kyrkjelyden som har husa familien i kyrkjelydslokale Bethania på Fitjar.

Vitne i retten

Jostein Løken er familien sin advokat. Han fortel at retten i den mellombelse avgjerda vil ta stilling til om familien skal få bu i Norge fram til saka deira kjem opp for lagmannsretten i juni neste år.

– Me meiner det er livsfarleg for dei å returnera, seier Løken.

Aksjon
Aksjon: Politiaksjonen for å henta familien i dette bedehuset på Fitjar har fått nasjonal merksemd. Foto: Privat

Han fortel at dei vil føra tre vitne for retten.

– Det er dei som kjenner familien best frå opphaldet på Stordøya, seier Løken, som har håp om at familien vil få gjennomslag og får bli til saka er avgjort.

Bakgrunn: Politiet braut opp dør og henta familie på fem

Gratis

Frank Gunnar Haavik er blant dei tre vitna.

– For meg er det heilt uforståeleg at ein ikkje trur på at desse er konvertittar. Mannen i familien har jo drive forkynningsarbeid hos oss, seier Håvik.

Han peiker også på paradokset, at medan familien har budd i kyrkjeasylet medan dei venta på ankehandsaminga, så har dei ikkje kosta den norske staten éi krone.

– Så slår ein til med ein politiaksjon til fleire hundre tusen kroner, seier Håvik.

Midlertidig stans
Midlertidig stans: Jostein Løken er familien sin advokat, har bede om rettssaka for å få midlertidig stoppa utsendinga av familien. Foto: PRIVAT

Familien på fem blei henta av politiet i ein væpna aksjon mot bedehuset fredag 23. februar.

Les også: Frank Håvik forlangar unnskyldning frå Sylvi Listhaug

Mange reaksjonar

Aksjonen har vekt kraftige politiske reaksjonar og ein har reagert på at politiet har hevda at bedehuset var eit bustadhus, og mellom anna argumentert med at familien budde der.

I førre veke sa justisminister Sylvi Listhaug (Frp) at ho hadde full tillit til politiet si handtering av denne saka, ut frå den informasjonen ho har fått.

«Noen hevder at det er brutt en norsk tradisjon med å respektere kirkeasyl. Jeg er uenig i dette og har tillit til at politiet har fulgt retningslinjene», skriv justisministeren i ein e-post til Bergens Tidende.

Husly for fem
Husly for fem: Borna til det afghanske ekteparet er seks månader, tre og fem år. Planen var at dei skulle bu her til ankesaka kom opp i lagmannsretten neste år. Foto: MARIUS KNUTSEN

Framleis på sjukehus

Frå Fitjar blei familien plassert på Hvalsmoen transittmottak utanfor Hønefoss. Herfrå skulle familien etter planen fraktast raskt ut av landet. Men faren i familien blei innlagt på sjukehus helga etter aksjonen, og dermed blei uttransporten utsett.

– Han er framleis innlagt på sjukehus, seier advokat Jostein Løken, som likevel ikkje trur at mannen sin helsetilstand vil vera avgjerande for utfallet av rettssaka.

– Det vil neppe vera av stor betydning. Det spørsmålet om dei er kristne som er avgjerande, seier Jostein Løken.

Les også: Politiet kallar det eit bustadhus

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut