annonse

Skreiv ut forelegg til 20 nye fartssyndarar på Jektavik

Full fart
Full fart: Mange gir gass i 60-sona her ved Jektavik. I formiddag fekk 20 sjåførar forelegg. (Foto: Steinar Hystad / arkiv)

60-sona ved ferjekaien har blitt ei gullgruve for UP.

Vidar Hope

I formiddag hadde utrykkingspolitiet ny kontroll på E39 ved Jektavik på Stord. Denne gongen blei det skrive 20 forelegg. Høgaste fart var 83 km/t i 60-sona, opplyser Sørvest politidistrikt.

Dette skjer éi veke etter at UP hadde 52 reaksjonar i same området – eit uvanleg høgt tal for den lokale UP-patruljen.

Det er altfor høgt tal. Dette er ein plass der mange køyrer for fort. Tala er høgare der enn mange andre stader, sa politioverbetjent Kjetil Hauge til Sunnhordland.

Han la til at UP på Stord skulle ha fleire kontrollar på Jektavik framover. Det løftet har han altså innfridd.

Les også: Difor er det 60-sona gjennom Jektavik

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut